Jakob av Kurland
Jakob von Kettler, hertug av Kurland og Semgallen (28. oktober 1610–1. januar 1682), var ein baltisk-tysk hertug frå Kurland (1642–1682). Under herredømet hans nådde riket den største utstrekkinga si og var involvert i den kurlandske koloniseringa både i Afrika og i Karibia.
Jakob av Kurland | |||
| |||
Fødd | 28. oktober 1610 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Kuldīga | ||
Død | 1. januar 1682 | ||
Dødsstad | Jelgava | ||
Gravstad | Jelgava palass | ||
Gift med | Louise Charlotte av Brandenburg | ||
Far | Wilhelm Kettler | ||
Mor | Sophie av Preussen | ||
Born | Friedrich Kasimir, Luise Elisabeth, Maria Amalia av Kurland, Alexander av Kurland, Wladislaus Friedrich von Kettler, Karl Jakob von Kettler, Ferdynand Kettler, Charlotte Sophie, Duchess of Courland |
Liv
endreKettler var fødd i Goldingen (no Kuldīga) som son av Wilhelm Kettler og Sophia av Preussen (1582-1610), ei prinsesse av Preussen som var dotter av Albert Frederick av Preussen. Han var gudson av kong Jakob I av England. Under styret til Kettler handla hertugdømet med land som Nederland, Portugal, England og Frankrike. I 1651 sende han ein flåte for å byggja opp eit fort, kalla Fort Jacob, ved Gambiaelva. I 1654 erobra han Tobago med skipet «Das Wappen der Herzogin von Kurland». Kolonien på Tobago blei kalla Neu Kurland (Ny-Kurland).
Hertugen blei teken i fangeskap av Sverige frå 1658 til 1660. I denne tida blei koloniane hans erobra og flåten hans øydelagd. Etter at han blei sett fri, bygde han opp att flåten og tok tilbake koloniane. Han forpakta i ein periode Eidsvoll jernverk.[1] Hertugen døydde i Mitau (no Jelgava) den 1. januar 1682.
Kettler gifta seg med Louise Charlotte av Brandenburg (1617–1676), dottera til Georg Vilhelm av Brandenburg.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Jacob von Kettler» frå Wikipedia på bokmål, den 2. september 2024.