Jaktflaske eller lommeflaske er ei lita, flat smal flaske av glas til brennevin til jakt- og turbruk. Nemninga «lommeflaske» er òg nytta for lommelerker. Jaktflasker er like store som lommelerker, men lommelerker i glas er gjerne tilnærma sirkelforma, vertikalt tverrsnitt.

Løveflaske dekorert med drueklase frå Åsnes Glassverk i Namdalen. H. 19. cm. Foto Anne-Lise Reinsfelt/Norsk Folkemuseum, NF.1930-0554.

Jaktflasker vart laga på dei norske glasverka frå slutten av 1700-talet. Lommeflasker og jaktflasker er ført opp i priskurantane frå Hadeland Glassverk i 1851 og 1856, men dei er ikkje avbilda.[1]

Løveflaske endre

I 1860-åra kom ein ny type jaktflaske, løveflaske. Desse flaskene vart blåste i form og vart svært populære. Dei har gjerne riksvåpenet med Den norske løva som dekor på sida og ofte òg ein drueklase. Løveflaskene vart blåste både i klart og i farga glas, spesielt koboltblått. Dei vart produserte til omkring 1900 både på norske og svenske glasverk.[2] Løveflasker er laga både med form som jaktflasker og som lommelerker.

Referansar endre

  1. Lie (1977)s. 25.
  2. Lie (1977) s. 27.

Bakgrunnsstoff endre

Litteratur endre

  • Lie, Inger-Marie (1977): Hadelandsglass 1850-1900. Oslo
  • Korshavn, Jan Håvard (1994): Norsk empire glass. Gjøvigs Glasværk 1807-1843. Gjøvik. ISBN 82-09323-21-2
  • Polak, Ada (1958): Glassboken. Oslo.