Koboltblå
kjemisk sambinding
Koboltblå er ein kjølig, lett bleik blåfarge, som historisk vart utvunne frå mineralet kobolt.
H: Normalisert til [0–100] (hundre)
Blaafarveværket på Modum i Noreg var under Benjamin Wegner si leiing i første del av 1800-talet verdas største produsent av koboltblått. Fargen vart mykje nytta i glas- og porselensmåling og i papirindustrien (til bleiking av papir). Alt på 1700-talet vart den eksportert til Kina og Japan av Blaafarveværket. Koboltblått er mykje nytta av kunstnarar. Fargen er særs stabil. I folketrua er kobolt ofte knytt til det underjordiske og dvergar som bur i fjell og undergrunnen.
Bakgrunnsstoff
endre- Cobalt blue Arkivert 2010-10-12 ved Wayback Machine. ved Pigments through the Ages (engelsk)
Kjelde
endre- Denne artikkelen bygger på «Koboltblå» frå Wikipedia på bokmål, den 4. desember 2012.