64°18′27.0″N 011°13′20.9″E / 64.307500°N 11.222472°E / 64.307500; 11.222472 Åsnes glassverk eller Aasnæs glasværk vart grunnlagd av J. C. Vogelsang og W. Schilliås i 1813 på Sjøåsen i det som va Beitstad kommune og i dag Namdalseid kommune. Glasverket var i drift i 70 år, fram til 1883. Da Aasnæs glasværk hadde si stordomstid arbeidde det mange glasblåsarar der. Desse kom mellom anna frå glasverkAustlandet, i Sverige og Tyskland. Det låg ikkje langt frå Holmen Glassverk.

Løveflaske produsert av Aasnes Glasværk. I museets eie.
Løveflaske[1] produsert av Aasnes Glasværk. I museets eie.

Hovudhuset på glasverket vart bygd i 1840 og står framleis der.

Anlegg og produksjon

endre

Da Aasnæs starta produksjon av glas var det med tradisjonelle metodar – med fleire små bygningar og ei stor smeltehytte på heile 47 meter. Smelthytta hadde eit tverrsnitt som ein trekant og på innsida var det fleire smeltomnar[1].

I dei fyrste åra etter at produksjonen starta opp var det vindusproduksjon som var betydeleg. Sortimentet vart med kvart utvida og prislista frå 1830-talet inneheld 84 forskjellig produkt. Produksjonen omfatta mellom anna vindusglas, flaskar[1] og kavl, glaskular av grønt glas som vart nytta i fiskegarn. Ein stor del av produkta var merka AASNÆS[2].

Glasverket hadde fleire salsstadar, mellom anna i Trondheim og Bergen og produkta vart frakta sjøvegen med båt[1]. Glassverket selde óg det meste av glasskavl som vart nytta på kysten av Trøndelag og Nord-Norge på 1840-talet.

I stordomstida på midten av 1800-talet var det over 50 arbeidarar på glassverket[1]. Folk i bygda vart óg indirekte sysselsette i form av vedsanking til dei store smelteomnane på verket. Seinare vart det nytta torv til fyring.

Aasnes har husa fleire føretak

endre

På 2000-talet var det óg eit føretak med namnet Aasnæs værk lokalisert på området. Hovudhuset blei nytta til gjestebod og arrangement av ulike slag. Det vert produsert smykke, lampar og pyntegjenstandar i form av fusing, ein samansmeltingsteknik for hele glasplatar.[3]

Aasnes Gaard i dag

endre

Investor Kristoffer Stensrud og selskapet Namdalen Træsliberi AS kjøpte Aasnes Glasværk i 2018, med mål om eit historisk hotell med høg kvalitet[4]. Diverre vart dei fyrste konsesjonssøknadane avslått [5]. I 2021 fekk Namdalen Træsliberi konsesjon, men Kristoffer Stensrud døydde dagen etterpå[6]. Sonen, Nikolai Stensrud, overtok garden og arbeide med å realisere farens draum om eit hotell i verdsklasse[7]

Aasnes Gaard gjennomgår i dag eit omfattande restaureringsarbeid og skriv på nettsida si at det ærverdige herskapshuset frå 1840 skal skal få sjela tilbake og bli ein gjestegard i verdsklasse – med sju rom og høg standard[8]. Restaureringsarbeida gjennomførast av handverkarar med spesialisering i bygningsvern.[9]

Litteratur

endre
  • Hanssen, Inger Marie. 2010. Glasblåsere og andre folk på Aasnæs Glasværk, inn- og utflyttinger i Gamle Beitstaden.
  • Nord-Trøndelags historielags årbøker
  • Aasnæs Glasværk. Sjå Holien 1986:33. Sjå By 1946:51
  • Vogelsang, J.C.. Sjå Holien 1985:95
  • Idsø, Øystein Lydik Viken. 2023. Namdalens historie - Band 3,Verdsvand utkant.

Bakgrunnsstoff

endre

Referansar

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Holien, Marit. Andersen, Jens-Anton. (1987). Fra glassverktida i Namdalen : Aasnæs Glasværk 1813-1883. Namdal Historielag. ISBN 8290414072. 
  2. http://www.bestnorwegian.com/aasnaes_marking.html
  3. «fusing - Det Norske Akademis ordbok», naob.no, henta 13. oktober 2024 
  4. Aftret, Tone (13. november 2018), «(+) Milliardær vil kjøpe historisk perle», Namdalsavisa (på norsk), henta 13. oktober 2024 
  5. Alstad, Bastian Øien (9. november 2020), «(+) Forkaster kommunens avgjørelse og avslår konsesjon på Åsnes gård: – Dette skjønner vi ingenting av», Trønder-Avisa (på norsk), henta 13. oktober 2024 
  6. Alstad, Bastian Øien (20. desember 2021), «(+) Milliardæren fikk konsesjon – men døde dagen etterpå. Nå har sønnen kjøpt Åsnes gård og flytter dit: – Det blir et bygg det ikke finnes maken til», Namdalsavisa (på norsk), henta 13. oktober 2024 
  7. Antonsen (foto), Ann Iren Bævre, Morten (12. oktober 2024), «Verdens beste fondsforvalter døde dagen etter at han fikk konsesjon. Nå har sønnen tatt over», adressa.no (på norsk bokmål), henta 13. oktober 2024 
  8. «Om gjestegården», Aasnes Gard (på norsk), henta 13. oktober 2024 
  9. Antonsen (foto), Ann Iren Bævre, Morten (12. oktober 2024), «Verdens beste fondsforvalter døde dagen etter at han fikk konsesjon. Nå har sønnen tatt over», adressa.no (på norsk bokmål), henta 13. oktober 2024