Jalazone
Jalazone (arabisk مخيّم الجلزون) er ein palestinsk flyktningleir i Ramallah og al-Bireh guvernement, 7 km nord for Ramallah og like ved landsbyen Jifna i nord, Deir Dibwan i aust, Bir Zeit i vest og den israelske busetjinga Beit El i søraust. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS) hadde Jalazone eit folketal på kring 8 700 innbyggjarar i 2006.[1]
Jalazone-leiren | |||
مخيّم الجلزون, al-Jalazun-leieren, al-Jalazoun-leiren | |||
flyktningleir | |||
Jalazone-leieren sett frå vegen frå Jifna i 2009, Khaldun Bshara
| |||
Land | Dei palestinske territoria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Ramallah og al-Bireh guvernement | ||
Koordinatar | 31°57′07.15″N 35°12′41.58″E / 31.9519861°N 35.2115500°E | ||
Areal | 0,25 km² | ||
Folketal | 14 520 (2007) | ||
Folketettleik | 58 080 / km² | ||
Jalazone 31°57′07″N 35°12′42″E / 31.951986111111°N 35.21155°E | |||
Kart som viser Jalazone.
| |||
Wikimedia Commons: Jalazone |
Historie
endreJalazone vart grunnlagd i 1949 på 253 mål land, som følgje av palestinsk utvandring etter den arabisk-israelske krigen i 1948. Som alle offisielle flyktningleirar på Vestbreidda, leigde SNs hjelpeorganisasjon (UNRWA) landet frå Jordan. Det meste av området var statseigd før kjøpet, medan resten høyrte til forskjellige landsbyar i nærleiken.[2] Etter Osloavtalen mellom Den palestinske sjølvstyresmakta (PNA) og Israel, vart styret av Jalazone overført til PNA medan Israel framleis hadde tryggleiksansvaret. UNRWA yter òg tenester i leiren.[3]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Jalazone» frå Wikipedia på engelsk, den 22. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Projected Mid -Year Population for Ramallah & Al Bireh guvernement by Locality 2004- 2006 Palestinsk statistisk sentralbyrå
- ↑ Jalazone Refugee Camp Profile Arkivert 2015-09-23 ved Wayback Machine.. Office for the Coordination of Humanitarian Affairs (OCHA). oktober 2008.
- ↑ Jalazone Refugee Camp SNs hjelpeorganisasjon
Bakgrunnsstoff
endre- Jalazone og Jalazone-leiren, artiklar frå UNWRA