Jambol
Jambol eller Yambol (bulgarsk Ямбол) er ein by og ein kommune i provinsen Jambol i Bulgaria. Kommunen omfattar berre sjølve byen Jambol.
Jambol | |||
Ямбол | |||
Kommune | |||
St. Georgskyrkja i Jambol
| |||
|
|||
Land | Bulgaria | ||
---|---|---|---|
Provins | Jambol | ||
Koordinatar | 42°29′4″N 26°30′31″E / 42.48444°N 26.50861°E | ||
Høgd | 114 m | ||
Areal | 90,551 km² [1] | ||
Folketal | 61 766 (2021)[2] | ||
Folketettleik | 682,11 / km² | ||
Ordførar | Georgi Slavov | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
Bilnummer | Y | ||
Jambol 42°29′00″N 26°30′00″E / 42.4833°N 26.5°E | |||
Jambol kommune i provinsen Jambol
| |||
Wikimedia Commons: Yambol Municipality | |||
Nettstad: yambol.bg |
Byen ligg på båe sider av elva Tundzja i det historiske landskapet Thrakia.
Areal og folketal
endreKommunen har eit areal på 91 km2.[1] Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 61 766 innbyggjarar.[2]
Til storbyområdet for Jambol høyrer heile kommunen Jambol i tillegg til kommunen Tundzja.[3] Heile storbyområdet har eit samla innbyggjartal på 82 933.[2]
Den einaste busetnaden i kommunen er:
Busetnad | Bulgarsk namn | Folketal (2011)[4] | Folketal (2021)[2] |
---|---|---|---|
Jambol | Ямбол | 74 132 | 61 766 |
Historie for byen og området
endreOmrådet rundt Jambol har hatt busetnad sidan neolittisk tid. Dagens Jambol blei fyrst grunnlagd som ein romersk by i år 293 av den romerske keisaren Diokletian, under namnet Diospolis. Med den bulgarske voksteren på slutten av 500-talet og skipinga av det fyrste bulgarske riket i 681, blei Jambol, saman med heile område sør for Balkanfjella (det antikke Hemus), ein del av Bulgaria på byrjinga av 700-talet.
I 1373 blei Jambol erobra av tyrkarane og underlagt det osmanske riket, og byen voks til eit viktig regionalt senter. Byen blei gjort fri av russarane i 1878, og blei ein del av det autonome Aust-Rumelia, som seinare, i 1886 blei sameint med resten av Bulgaria (dagens bulgarske stat).
Verd å sjå
endreByen husar fleire historiske attraksjonar frå det osmanske riket, blant anna ein moské og ein tyrkisk basar frå byrjinga av 1500-talet. Området rundt byen er òg blant dei rikaste i Bulgaria på arkeologiske utgravingsstader.
Vennskapsbyar
endreReferansar
endre- ↑ 1,0 1,1 Regions, districts and municipalities in the Republic of Bulgaria 2018 Arkivert 2021-08-01 ved Wayback Machine. («Regionar, distrikt og kommunar i Republikken Bulgaria 2018»), Tabell 1: Territorial balance of the Republic of Bulgaria by kind of territory, statistical zone, statistical region and by district and municipality as of 31.12.2011 («Territoriell balanse for Republikken Bulgaria etter type territorium, statistisk sone og etter distrikt og kommune per 31.12.2011»), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet»)
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 Население по статистически райони, области, общини, населени места, пол и възраст («Befolkning i statistiske regionar, regionar, kommunar og busetnader etter kjønn og alder»), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet»)
- ↑ Urban Audit – Settlements and Municipalities («Storbyområde – Busetnader og kommunar), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet»
- ↑ Население към 01.02.2011 г. по области, общини, населени места и възраст («Befolkning 01.02.2011 i regionar, kommunar og busetnader etter alder»), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet»)
Bakgrunnsstoff
endre- Jambol Arkivert 2017-09-19 ved Wayback Machine.
- yambolnews.net
- Jambol historiske museum