James Dewar

britisk kjemikar og fysikar

James Dewar (20. september 184227. mars 1923) var ein britisk fysikar og kjemikar.

Sir James Dewar

Sir James Dewar FRS
Fødd20. september 1842
Kincardine
Død27. mars 1923 (80 år)
London
NasjonalitetDet sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Områdefysikk, kjemi
Yrkefysikar, kjemikar, oppfinnar
InstitusjonarUniversity of Cambridge
Alma materUniversity of Edinburgh
Dollar Academy
DoktorgradsrettleiarLyon Playfair
MedlemRoyal Society
National Academy of Sciences
Accademia delle Scienze di Torino

Han var frå 1875 professor i eksperimentalfysikk ved universitetet i Cambridge, og frå 1877 professor i kjemi ved Royal Institution i London. Han var den første som fortetta hydrogen til væske, og framstelte det seinare òg i fast form. Til oppbevaring og forsending av flytande luft fann han opp dewarkaret, eit glaskar med doble vegger skilt ved lufttomt rom. Termosflasker byggjer på same prinsippet.

Han var æresdoktor ved Universitetet i Oslo i 1911.

Kjelder endre

  • «James Dewar». Store norske leksikon. 14. februar 2009. Henta 4. november 2013.