James Van Allen
James Alfred Van Allen (7. september 1914–9. august 2006) var ein amerikansk fysikar.
James Van Allen | |||
James Alfred Van Allen | |||
Fødd | 7. september 1914 Mount Pleasant i Iowa | ||
---|---|---|---|
Død | 9. august 2006 (91 år) Iowa City | ||
Bustad | USA | ||
Nasjonalitet | amerikansk | ||
Område | romvitskap/filosofi | ||
Yrke | fysikar, astronom, kjernefysiker, universitetslærar, professor, geoviter | ||
Institusjonar | Carnegie Institution for Science University of Iowa Applied Physics Laboratory | ||
Alma mater | Iowa Wesleyan College University of Iowa | ||
Kjend for | Van Allen-belte | ||
Influerte | James Hansen | ||
Medlem | Kungliga Vetenskapsakademien American Academy of Arts and Sciences American Philosophical Society American Astronomical Society American Physical Society National Academy of Sciences |
Som leiar av ei forskingsgruppe ved Johns Hopkins University i Maryland (1946–51) og deretter som professor og leiar av Fysisk institutt ved University of Iowa (1951–85), kom han til å spele ei stor rolle ved utviklinga av instrumenterte rakettar og satellittar for utforsking av verdsrommet. Van Allen var ansvarshavande for det amerikanske satellittprogrammet under Det internasjonale geofysiske året, IGY (juli 1957–des. 1958). Målingar frå dei to første satellittane til USA, Explorer 1 og 3, høvesvis januar og mars 1958, førte til oppdaginga av at jorda er omgjeve av eit belte med energirike, elektrisk ladde partiklar (Van Allen-beltet). Dette var den første store oppdaginga som vart gjort av satellittar i verdsrommet. Han utførte seinare viktige undersøkingar av partiklar i magnetosfæren til jorda og andre planetar. Forskingsgruppa hans i Iowa var involvert i dei første vitskaplege satellittane til planetane Venus, Mars, Jupiter, Saturn, Uranus og Neptun. Han fekk i 1989 Crafoordprisen for oppdaginga av strålingsbelta til jorda og pionerinnsatsen sin i utforsking av andre planetar.
Kjelder
endre- James Alfred Van Allen. (28.02.2013) I Store norske leksikon.