Jan Birkelund

norsk fotballspelar

Jan Birkelund (10. november 195028. februar 1983) var ein norsk fotballspelar frå Oslo, som spelte 33 landskampar på midtstopparplass.

Jan Birkelund
Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. november 1950
Oslo
Død

28. februar 1983 (32 år)
Oslo

Yrke fotballspelar

Høgreiste Birkelund debuterte på IK Skeid i toppserien i 1968. I 1974 var han med då Skeid vann over Viking i cupfinalen, oslolagets siste store trumf. Sesongane 1977 og 1978 var han Lillestrøm-spelar, der han fekk seg med dobbeltsigeren i 1977 (både serie- og cupgull) og cupmeisterskap i 1978. Cupfinalen 1978 vart elles hans siste kamp, vinteren 1979 oppdaga ein at han hadde ein alvorleg hjartefeil, noko som tvinga han til legge bort fotballskoa.

Birkelund døydde av hjartesvikt, 32 år gammal.

Merittar endre

  • Noregsmeister: 1974 med Skeid
  • Noregsmeister: 1977 og 1978 med Lillestrøm SK
  • Seriemeister: 1977 med Lillestrøm SK

Kjelder endre