Jan Boklöv

Jan Boklöv (fødd 14. april 1966) er ein svensk skihoppar, først og fremst kjent for å ha introdusert V-stilen i skihopping.

Jan Boklöv
Statsborgarskap Sverige
Fødd 14. april 1966
Gällivare
Idrett skihopping
Tok del i

Skihopping under Vinter-OL 1988, Skihopping under Vinter-OL 1992

Boklöv deltok i verdscupen frå 1987 til 1992. Han vann fem enkeltrenn i løpet av karrieren, og med sigeren i Lake Placid i 1988, blei han den fyrste svenske som vann eit verdscuprenn. Han vann verdscupen samanlagt i sesongen 19881989. I 1989 blei han tildelt Radiosportens Jerringpris.

KjelderEndra

  Denne idrettsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.