Verdscupen i skihopping 1989

Verdscupen i skihopping 1989 omfatta 20 tevlingar. Turneringa tok til med eit normalbakkerenn 3. desember 1988 i Thunder Bay i Canada og vart avslutta i storbakken i Planica den 26. mars 1989. Dei 20 tevlingane fordelte seg på 7 i normalbakkar, 12 i storbakkar og eitt skiflygingsrenn. Hopprenna under Ski-VM i Lahti talde ikkje med i verdscupen.

Jan Boklöv frå Sverige vann FIS-premien, pr 2021 den einaste svenske skihopparen som har vunne turneringa. Han sigra i fem av dei tjue enkelttevlingane og vann med stor margin til andremann. Åtte norske deltakarar sanka poeng og syrgde for triumf i landslagstevlinga, like framom fjorårsvinnar Finland.

Individuelt

endre
Plass Utøvar Land Poeng Sigrar
1 Jan Boklöv   Sverige 249 5
2 Jens Weißflog   Aust-Tyskland 192 5
3 Dieter Thoma   Vest-Tyskland 167 2
4 Ole Gunnar Fidjestøl   Noreg 145 1
5 Ari-Pekka Nikkola   Finland 136
6 Risto Laakkonen   Finland 132 2
7 Jon Inge Kjørum   Noreg 132 1
8 Ernst Vettori   Austerrike 125
9 Matti Nykänen   Finland 106 2
10 Josef Heumann   Vest-Tyskland 84
11 Mike Holland   USA 81 1
12 Ladislav Dluhoš   Tsjekkoslovakia 79
13 Roberto Cecon   Italia 58
14 Andreas Felder   Austerrike 56
15 Vegard Opaas   Noreg 55 1
16 Jiří Parma   Tsjekkoslovakia 54
17 Franz Neuländtner   Austerrike 50
18 Jari Puikkonen   Finland 45
19 Pavel Ploc   Tsjekkoslovakia 42 1
20 Thomas Klauser   Vest-Tyskland 42
21 Kent Johanssen   Noreg 41
22 Pekka Suorsa   Finland 41
23 Andreas Bauer   Vest-Tyskland 39
24 Werner Haim   Austerrike 39
25 Erik Johnsen   Noreg 37
26 Martin Švagerko   Tsjekkoslovakia 37
27 Clas Brede Bråthen   Noreg 36

Kjelder

endre