Jan Brøgger

norsk psykolog og sosialantropolog

Jan Christian Brøgger (13. januar 193628. februar 2006) var ein norsk psykolog og sosialantropolog.

Jan Brøgger
Fødd13. januar 1936
Paris
Død28. februar 2006
Oslo
NasjonalitetNoreg
Yrkeantropolog, professor, psykolog
InstitusjonarNoregs teknisk-naturvitskaplege universitet
Alma materUniversitetet i Oslo
Cornell University
BarnBenedicte Brøgger

Brøgger vart fødd i Paris. Han var son av forfattaren Waldemar Christoffer Brøgger.

Jan Brøgger tok eksamen som cand.psychol. i 1961 og dr.philos. i 1970. Han var universitetsstipendiat ved Universitetet i Bergen frå 1964 til 1969, og konservator ved Universitetet i Oslo sitt etnografiske museum frå 1969 til 1974. Han jobba ved universitetet i Addis Abeba frå 1970 til 1971. Jan Brøgger vart professor i sosialantropologi ved Universitetet i Trondheim i 1975. Han gjorde feltstudiar i Italia, Etiopia, Sudan, Portugal og Malaysia.

Utgjevingar endre

  • 1968 Forelesninger i psykologi
  • 1975 Maktmennesket
  • 1976 Roller og rollespill
  • 1977 Shamanism and Social Structure Among the Sidamo
  • 1977 Frihetens banemenn
  • 1977 Reviderte Harald Schjelderups Innføring i psykologi saman med kollega Ivar Bjørgen
  • 1986 Belief and Experience Among the Sidamo. A Case Study Towards an Anthropology of Knowledge
  • 1993 Kulturforståelse En nøkkel til vår internasjonale samtid
  • 1993 Synd, makt og frihet i Norge
  • 1995 Forsvarstale for mannen
  • 1999 Psykologisk antropologi
  • 2002 Epidemier en natur- og kulturhistorie
  • 2003 Hekseprosess: Bjugn-saken i et juridisk og kulturhistorisk perspektiv (saman med advokat Christian Wiig)
  • 2004 Folk uten land: europeiske skjebner
  • 2005 Jordnær og visjonær. Johan B. Holte og Norsk Hydro