Jumhuriyat as-Sudan
جمهورية السودان

(norsk: Sudan, sudansk)

Det sudanske flagget Det sudanske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Nahnu Djundulla Djundulwatan»
Motto Al-Nasr Lana
(Sigeren er vår)
Geografisk plassering av Sudan
Offisielle språk arabisk
Hovudstad Khartoum
Styresett
Formann for suverenitetsrådet
Republikk
Abdel Fattah Abdelrahman Burhan
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
1 861 484 km² (15.)
5 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
37 345 935 (37.)
20,1 /km²
Sjølvstende
frå Storbritannia og Egypt
1. januar 1956
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
167 400 mill. USD (68.)
5 000 USD (144.)
Valuta Sudansk dinar
Tidssone UTC +2
Toppnivådomene .sd


Sudan er ein republikk i Nordaust-Afrika og er det tredje største landet i verdsdelen. Landet grensar mot Eritrea, Etiopia, Sør-Sudan, Den sentralafrikanske republikken, Tsjad, Libya og Egypt, og det har kystline mot Raudehavet. Hovudstaden er Khartoum. Landet har i mange år vore herja av borgarkrig. Etter fredsavtalen frå 2005 vart det i 2011 halde folkerøysting i Sør-Sudan om å verta ein sjølvstendig stat, og Sør-Sudan vart skilt ut frå Sudan i 9. juli 2011.

Namn endre

Namnet på staten Sudan kjem frå den den geografiske regionen Sudan, eit område sør for Sahara, som strekkjer seg frå Vest-Afrika til Aust- og Sentral-Afrika. Namnet kjem frå det arabiske bilād as-sūdān (بلاد السودان), eller «landet til dei svarte», som viser til innbyggjarar med mørk hud.[1]

Geografi endre

 
Kart over Sudan før utskiljinga av Sør-Sudan

Sudan ligg i Nord-Afrika og grensar mot Raudehavet i aust. Det meste av landet består av slettelandskap, med fjell i vest og i aust. Landskapet er dominert av Nilen med tilløp. Klimaet vekslar frå tropisk i sør til tørr ørken i nord. Regntida finn typisk stad i perioden april til november, men varierer avhengig av område.

Nokre miljøproblem i landet er utilstrekkeleg tilgang på ferskvatn, jorderosjon og at ville dyr blir truga av omfattande jakt. Halvparten av elektrisiteten i landet blir produsert av fossilt brensel og halvparten av vasskraft.

Klima endre

Dei nordlege områda av landet er ørken, og har eit klima som liknar det i Egypt, Libya og ørkenområda av Algerie. Frå Khartoum og sørover aukar den årlege nedbøren gradvis frå 150 mm til over 1000 mm. I dei nordlege områda har ein sjeldan regn, og eventuelt regn kjem med ujamne mellomrom. Regnsesongen i Sudan er mellom april og oktober, men lengst sør kan ein ha nedbør heile året. Regntida minkar frå seks til åtte månadar i sør til rundt to månadar i dei sørlege områda av ørkenen.

Dei nordlege delane av Sudan har nesten alltid ein nordaustleg vind gjennom heile året. Dette fører til svært tørr luft som gjer at dei svært høge dagtemperaturane ikkje er så ubehagelege. I dei kjøligare vintermånadane kan temperaturen bli ganske låg, og frost tidleg på morgonen er ikkje uvanleg i ørkenen. Om sommaren er derimot nattetemperaturane sjeldan under 25 °C.

Under regntida i dei sørlege og sentrale områda av Sudan, erstattar ein sørleg eller sørvestleg vind den nordaustlege vinden. Dette fører til litt lågare temperaturar om sommaren, høg fukt og ein del skyer. Lengst sør varierer temperaturen lite gjennom året, og er høgast like før regntida. Den fuktige lufta kjem frå Kongobekkenet eller Sør-Atlanteren og er hovudkjelda til regnvêret om sommaren. Sjølv i regntida har ein tørre dagar og sol innimellom, og sjølv i dei våtaste områda kjem det berre regn om lag kvar tredje dag.

Sundan kan stundom verte råka av ein kraftig vind kalla haboob, som kan føre til sandstorm. Habooben oppstår ofte dagen før eller heilt i starten av regntida, ofte føre eit torevêr.

På kysten av Raudehavet og i åsane i nærleiken har ein berre litt regn no og då frå oktober til desember.

Folkesetnad endre

Det finst ingen data for folketalet i landet sidan Sør-Sudan blei skilt ut frå Sudan, men i ei folketeljing frå 2008 blei folketalet i Nord-, Vest- og Aust-Sudan registrert til å vera over 30 millionar.[2] Dette set dagens estimat av folketalet i Sudan etter lausrivinga til litt over 30 millionar menneske. Dette er ein betydelig auke dei siste to tiåra, etter at folketeljinga i 1983 oppgav det totale folketalet i Sudan, inkludert dagens Sør-Sudan, til 21,6 millionar.[3] Befolkninga i storbyområdet Khartoum (inkludert Khartoum, Omdurman og Nord-Khartoum) er i sterk vekst, og blei registrert til å vera 5,2 millionar.

Gjennomsnittsalderen er 17,7 år (2002), medan spedbarnsdøydelegheita er på 9,0 % (2008). Forventa levealder (gj.snitt) er 62,5 år (2008).

Språk i Sudan er arabisk, nubisk, ta bedawie, ulike dialektar av nilotisk, nilo-hamitisk, sudanesisk og engelsk.

Landet har ca. 70 % sunni-muslimar (mest i nord), 5 % kristne (mest i sør og i Khartoum) og 25 % som tilhøyrer andre religionar.

I tillegg til at mange sudanesarar sjølv er blitt flyktningar, har også landet tatt imot mange flyktningar frå andre land. Ifølgje World Refugee Survey 2008 budde det 310 500 flyktningar og asylsøkarar i Sudan i 2007. Fleirtalet av desse kom frå Eritrea (240 400 personar), Tsjad (45 000), Etiopia (49 300) og Den sentralafrikanske republikk (2 500)).[4] Den sudanske regjeringa deporterte minst 1500 flyktningar og asylsøkarar i løpet av 2007. Sudan har ratifisert SN sin flyktningkonvensjon frå 1951.[4]

Historie endre

Området som i dag dannar Sudan er nemnt i skriftlege kjelder frå det gamle Egypt frå rundt 3000 f.Kr. Periodisk var nordlege Sudan, då særleg Nubia, ein egyptisk provins. Arkeologiske bevis av urfolkskulturar som kerma finst også, og i det siste tusenåret f.Kr. oppstod ein skriftleg dokumentert kultur med byen Napata som hovudstad i eit rike kalla Kusj som varte fram til rundt 300-talet e.Kr.

Nokre Kush-kongar regjerte også over Egypt og danna det 25. dynastiet i landet (ca. 746-655 f.Kr.). Den kulturelle innverknaden nordfrå var heile tida sterk; dei kushittiske kongane bygde til dømes pyramidar, og kulten kring den egyptiske guden Amon var den dominerande.

På midten av 500-talet var Nubia oppdelt i tre kongerike som på den tida blei kristna. Etter å ha blitt islamisert på midten av 600-talet slutta Egypt ein fredsavtale med kongane av Nubia. Med unntak av den sørlege delen blei Sudan islamisert over tid fram til 1500-talet.

Muhammad Ali av Egypt erobra Sudan i 1822 og grunnla Khartoum. Sonen hans Ibrahim Pasja flytta grensene for Egypt heilt til nærleiken av Victoriasjøen. Ei aukande misnøye med den egyptiske påverknaden, høge skattar og krav om at slaveriet skulle avskaffast førte fram til mahdistopprøret under Muhammad Ahmad i 1882. Mahdiststaten blei senere styrta i 1898 av Egypt og Storbritannia. Ifølgje eit traktat av 19. januar 1899 skulle forvaltninga av landet sør for 22. breddegrad ned til Uganda og Belgisk Kongo handterast av Egypt og Storbritannia i fellesskap, under namnet Anglo-egyptisk Sudan.

Landet blei leia av ein generalguvernør som blei innsett av egyptarane etter godkjenning frå britane, men landet blei i realiteten styrt som ein britisk koloni. Fram til sjølvstendet i 1956 blei Sudan administrert av britane som to separate einingar – det muslimske nord- og det kristne sørterritoriet.

Ein anglo-egyptiskt avtale i 1953 gav Sudan indre sjølvstyre over tre år og lova tilbaketrekking av dei britiske styrkane. Det første valet blei halde same året, og blei vunne av National Unionist Party (NUP) under leiing av Ismaʿil al-Azhari. Sistnemnde danna regjering i 1954 og blei den fyrste statsministeren i Sudan.[5]

Nyare historie endre

Sudan fekk sjølvstende frå Storbritannia og Egypt i 1956, og har vore medlem av SN sidan då. Militære regime som favoriserer islam-orienterte regjeringar har dominert innanrikspolitikken i Sudan sidan sjølvstendet. Oberst Omar al-Bashir kom til makta i eit miltærkupp 30. juni 1989. Al-Bashir sat ved makta i nær 30 år, frem til han sjølv blei avsett ved eit militærkupp 11. april 2019.

Bortsett frå i perioden 1972–82 var landet herja av borgarkrig fram til partane gjekk med på ein fredsavtale den 9. januar 2005. Konflikten hadde utgangspunkt i den økonomiske, politiske og sosiale dominansen til det muslimske nordlege Sudan over det kristne, ikkje-arabiske Sør-Sudan. Ifølgje fredsavtalen – Comprehensive Peace Agreement (CPA) – skulle Sør-Sudan innan januar 2011 gjennomføra ei folkerøysting om sjølvstende. I januar 2011 blei denne halden. Eit overveldande fleirtal stemte for lausriving, og Sør-Sudan blei erklært som eigen stat 9. juli 2011. Ved opprettinga av Sør-Sudan var det ikkje semje mellom Sør-Sudan og Sudan om den økonomiske kompensasjonen for ein røyrleidning gjennom Sudan frå oljeproduksjonen i Sør-Sudan. Dette førte til uro.

I 2003 oppstod Darfur-konflikten i Darfur. Den sudanske regjeringa og opprørsleiaren Minni Arcua Minnawi frå SLA underteikna ein fredsavtale for Darfur 5. mai 2006. Etter meir uro og fleire rundar med forhandlingar blei det inngått ein avtale den 14. juli 2011.

6. januar 2021 underteikna Sudan Abraham-avtalen.[6][7]

Det fann stad ei militærkupp i landet 25. oktober 2021. Statsministeren Abdalla Hamdok blei tatt til fange av kuppmakarane.[8] Hamdok blei gjeninsett 21. november 2021 etter at Abdel Fattah al-Burhan gjekk med på å gjeninnføra overgangen til sivilt styre, samtidig som han heldt på kontrollen.[9] 2. januar 2022 kunngjorde Hamdok at han trekte seg som statsminister etter folkelege protestar som førte til fleire dødsfall.[10]

Politikk og administrasjon endre

Sudan har ei demokratisk forfatning, men blei i praksis styrt av eit militærdiktatur frå 30. juni 1989, då oberst Omar al-Bashir overtok makta i eit statskupp og innførte eit strengt islamistisk regime med sharialovgjeving. Det er anslått at mellom 200 000 og 400 000 menneske døydde under hans regjeringstid, tildels som følgje av Darfur-konflikten. I kjølvatnet av omfattande protestar blei regjeringa styrta 11. april 2019, og al-Bashir stilt for retten for blant anna korrupsjon. Partiet hans, Nasjonalkongressen, blei forbode. Al-Bashir blei også tiltalt for brotsverke mot menneskja av Den internasjonale straffedomstolen i Haag.[11][12] I august 2019 blei det oppnådd semje om eit mellombels styre sett saman av sivile og militære representantar.[13]

Kjelder endre

  1. «Ancient Sudan Nubia». www.ancientsudan.org. Arkivert frå originalen 22. juni 2017. Henta 7. desember 2017. 
  2. Heavens, Andrew (21. mai 2009) Arkivert 2012-10-22 ved Wayback Machine.. Af.reuters.com (2009-05-21). Besøkt 4. oktober 2011.
  3. "Sudan – Population". Library of Congress Country Studies.
  4. 4,0 4,1 «World Refugee Survey 2008». U.S. Committee for Refugees and Immigrants. 19. juni 2008. Arkivert frå originalen 5. oktober 2007. 
  5. «Sudans historie» i Store norske leksikon, snl.no.
  6. «Israel takker USA for fredsinnsatsen i Midtøsten». idag.no. 7. januar 2021. Henta 2. januar 2022. 
  7. Mohammed Alamin (6. januar 2021). «Sudan Signs Pact Setting Stage for Normalization With Israel» (på engelsk). Bloomberg News. Henta 8. september 2021. 
  8. Reuters (25. oktober 2021). «Sudan's Hamdok moved to unknown location after refusing to support coup». Reuters (på engelsk). Henta 2. januar 2022. 
  9. «Sudan’s Hamdok reinstated as PM after political agreement signed». www.aljazeera.com (på engelsk). Henta 21. november 2021. 
  10. «Sudan PM Abdalla Hamdok resigns after deadly protest». www.aljazeera.com (på engelsk). Henta 2. januar 2022. 
  11. «Warrant issued for Sudan's leader» (på engelsk). BBC. 4. mars 2009. Henta 29. november 2019. 
  12. Jason Burke og Zeinab Mohammed Salih (18. august 2019). «Deposed Sudan president to face corruption charges in court» (på engelsk). The Guardian. Henta 29. november 2019. 
  13. Khalid Abdelaziz (17. august 2019). «Sudanese army and civilians seal interim power-sharing deal» (på engelsk). Reuters. Henta 29. november 2019. 

Litteratur endre