Janove Ottesen

norsk musikar
(Omdirigert frå Jan Ove Ottesen)

Janove Ottesen (fødd Jan Ove Ottesen27. august 1975 på Stord)[1] er ein norsk musikar som er vokalist og frontfigur i det norske rockebandet Kaizers Orchestra. I 2004 gav han ut den første solo-plata si, Francis’ Lonely Nights.

Janove Ottesen

Fødd27. august 1975 (49 år)
FødestadStord kommune
FødenamnJan Ove Ottesen
OpphavNoreg
Aktiv2000–
Sjangerrock
Instrumentgitar, vokal
Verka sommusikar, fotballspelar, songar, gitarist
PrisarEdvard-prisen i populærmusikk
Kaizers Orchestra under ein konsert i København i 2005, Janove Ottesen i midten.

Liv og virke

endre

Ottesen er, saman med Geir Zahl, ein av grunnleggjarane av Kaizers. «Kaizer-namnet» hans er «Sjakalen», eller «the Jackal Kaizer». Ottesen og Zahl vann Edvard-prisen 2002 for debutplata til Kaizers: Ompa til du dør.

Han har gått på musikklærarutdanninga på Lærarhøgskulen i BergenLandås. Det var under studietida i Bergen han kjøpte eit trøorgel og starta Kaizers Orchestra.

Han heitte opphavleg Jan Ove Ottesen, men bytte namn til Janove Ottesen.

I 2012 fekk han Rogaland mållags målpris.

I dag er han gift og har to born.

Diskografi

endre
  • Francis' Lonely Nights (2004)

Kjelder

endre
  1. «Ein Kaizer vender heim», Stordfest 2013 – mai, 30. mai 2013