Opna hovudmenyen

Kaizers Orchestra var ei alternativ rockegruppe frå Bryne i Noreg. Gruppa vart skipa i Bergen av vokalisten og låtskrivaren Janove Ottesen og gitaristen Geir Zahl, begge frå Bryne, saman med keyboardisten Helge Risa og trommeslagaren Rune Solheim. Kaizers Orchestra er den einaste norske musikkgruppa som har selt hundretusen av norskspråklege plater utanfor Noreg, og dei er store i både Tyskland, Danmark og Sverige. Dei syng på brynedialekt og gjer flittig bruk av utradisjonelle instrument.

Kaizers Orchestra
Kaizers Orchestra live at Odderøya Live 2012.jpg
Kaizers Orchestra under opptreden på Odderøya Live i 2012.
OpphavBryne, Noreg
Periode2000–2013
SjangerAlternativ rock
PlateselskapSony BMG, Kaizerecords, Universal, BroilerFarm
MedlemmerJanove Ottesen
Geir Zahl
Terje Winterstø Røthing
Helge Risa
Rune Solheim
Øyvind Storesund
Tidlegare medlemmerJon Sjøen
PrisarStavanger Aftenblads kulturpris, Norsk Artistforbunds Ærespris, Årets spellemann, Spellemannprisen for årets gruppe, Spellemannprisen for årets musikkvideo, Spellemannprisen for årets musikkvideo, Alarmprisen i rock, Alarmprisen for beste liveband

Kaizers Orchestra har gitt ut åtte studioalbum, vunne fire Spellemannprisar og i 2002 ein Alarmpris i klassen rock for beste liveband. Dei gav seg som band på ubestemt tid etter den siste konserten deira 14. september 2013 i Stavanger.

HistorieEndra

Historia startar i Bergen, der to barndomsvener frå Bryne, vokalisten og låtskrivaren Janove Ottesen (f. 1975) og gitaristen Geir Zahl (f. 1975), starta rockebandet gnom saman med keyboardisten Helge Risa (f. 1975) og trommeslagaren Rune Solheim (f. 1976). Dei gav året etter ut albumet Mys. I 1999 vart Jon Sjøen (f. 1972) ny kontrabassist og gruppa skifta namn til Kaizers Orchestra, som vart utvida med gitaristen Terje Vinterstø (f. 1977) året etter. Sjøen vart i 2003 erstatta av Øyvind Storesund (f. 1974).

Debutalbumet Ompa til du dør (2001) selde over 90 000 eksemplar. Også dei neste studioalbuma gjekk til topps i Noreg: Evig Pint (2003), Maestro (2005), Maskineri (2008) og Våre demoner (2009). Bandet har også nådd Topp 5 på den norske singellista med ep-ane Død manns tango (2002), Mann mot mann (2002) og Maestro (2005), og Topp 20 med Enden av november (2008) og Under månen (2009). Kaizers Orchestra er vorte ein stor konsertattraksjon. Både Zahl (2007 og 2010) og Ottesen (2004) har gjeve ut soloalbum. Vinterstø kallar seg nå Terje Winterstø Røthing, og har gjeve ut kritikarroste album med bandet Skambankt.

Kaizers Orchestra hamna på Topp 10 med 2010-singlane «Philemon Arthur & The Dung» og «Hjerteknuser», som begge er med på fyrste del av trilogien Violeta Violeta. Volume I av trilogien kom ut i 2011. Volume II vart urframført på Øyafestivalen 2011 og kom ut på album i november same året. Trilogien vart fullført hausten 2012 med lanseringa av Violeta Violeta Volume III.

MedlemmerEndra

Alle medlemmene i gruppa har artistnamn som sluttar med «Kaizer», i likskap med artistnamna til The Ramones.

  • Janove Ottesen - vokal, tidvis gitar og perkusjon - Sjakalen Kaizer
  • Geir Zahl - gitar, støttevokal - Hellraizer Kaizer
  • Terje Røthing - gitar, støttevokal - Killmaster Kaizer
  • Rune Solheim - trommer - Mink Kaizer
  • Helge Risa - orgel - Omen Kaizer
  • Øyvind Storesund - bass (frå 2003) - Thunder Kaizer

Tidlegare medlemmer

  • Jon Sjøen - bass (2000 - 2003) - Lion King Kaizer

DiskografiEndra

AlbumEndra

EP-arEndra

  • Kaizers Orchestra EP aka Gul EP (2000)
  • Død manns tango (2002)
  • Mann mot mann (2002)
  • Maestro (2005)
  • Maestro Bonus CD (2005)
  • En for orgelet, en for meg (2011)

SinglarEndra

  • «Kontroll på kontinentet» (2003)
  • «Di grind» (2003)
  • «Maestro» (2005)
  • «Knekker deg til sist» (2005)
  • «Blitzregn baby (live)» (2006)
  • «Enden av november» (2007)
  • «9 mm» (2008)
  • «Apokalyps meg» / «Du og meg Lou, og din fru» (2008)
  • «Die Polizei» (2009)
  • «Prosessen» (2009)
  • «Philemon Arthur & The Dung» (2010)
  • «Hjerteknuser» (2010)
  • «En for orgelet, en for meg» (2011)
  • «Diamant til kull» (2011)
  • «Tusen dråper regn» (2011)
  • «Drøm videre Violeta» (2011)
  • «Aldri vodka, Violeta» (2012)

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Kaizers Orchestra