Jan Rasmussen Sande

norsk gardbrukar og politikar

Jan Rasmussen Sande (18. juli 176011. januar 1847) var ein norsk sjømann, gardbrukar og stortingsmann frå Nøtterøy i Vestfold.

Jan Rasmussen Sande
Fødd18. juli 1760
Nøtterøy kommune
Død11. januar 1847 (86 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkesjøfolk, bonde, politikar
Alle verv

Far hans var leiglending på garden Sande i Nøtterøy. Sjølv tok han styrmannseksamen i Tønsberg og sigla omkring 1780 som skipper på «Frederikke Sofie» av Nøtterøy. Skipet vart kapra og brent av franskmenn, Frankrike låg då i krig med England. Sande sat deretter i fangenskap i Frankrike i tre år. Sigla som sjømann i mange år. På 1790-talet overtok han farsgarden Sande og dreiv denne, men heldt i mange år og fram som skipper.

Sande var 1. representant for Jarlsberg grevskapStortinget i 1821 og på omframstortinget 1822. I 1821 var han medlem av fire komitear, mellom dei var konstitusjonskomiteen, flaggkomiteen, og om navigasjonseksamen i Fredriksvern. Han var i 1821 mellom dei som leverte teikning til eit norsk flagg. Sande skal ha kunne ti ulike språk, mellom dei gresk og latin.

Han døydde 1847 på garden sin i Nøttterøy.

Kjelder endre