Jan Rodvang

norsk fotballspelar og fotballmanager

Jan Sverre Rodvang (24. desember 19396. november 2020)[1] var ein norsk fotballspelar som vart seriemeister 1964 og 1968, og noregsmeister 1967 og 1968, med oslolaget Lyn. Han var høgreback på det norske landslaget i 6 kampar i 1968-69.

Jan Rodvang
Fødd 24. desember 1939
Død 6. november 2020

Karriere endre

Klubbspel endre

Rodvang var sideback på Asker SK i åra fram til 1962. Frå 1963 til 1974 var han sideback på topplaget Lyn i Oslo, eit fotballag som hadde si stordomstid i 1960-åra. Han var med om å vinne seriemeisterskapen i 1964, klubben sin fyrste fotballtriumf noko gong. Sesongane 1966 til -68 spelte Lyn seg fram til finale i NM-cupen, dei to siste åra vann laget kongepokalen etter finalesigrar mot høvesvis Rosenborg BK og Mjøndalen IF. Hausten 1968 feira Lyn dobbeltriumf då det også vart siger i den nasjonale serien. Året 1968 vart avslutta med tap i kvartfinalane i Cupvinnarcupen mot FC Barcelona, begge oppgjera vart spelt i Spania og enda 2-2 og 2-3. I 1970 spelte Rodvang sin fjerde NM-finale, ein kamp Strømsgodset IF vann 4-2. Rodvang skåra eitt einast seriemål gjennom sine 12 seongar i Lyn.

Landslagsspel endre

Rodvang spelte fem landskampar for Noreg i 1968 og ein i 1969. Den 6. november 1968 var han på plass då Noreg sensjonelt slo Frankrike 1-0 i ein VM-kvalifiseringskamp i Strasbourg, etter ei skåring av Odd Iversen midtvegs i den 2. omgangen.

Kjelder endre

  1. Dødsannonse[daud lenkje]