Janne Mikael Happonen (fødd 18. juni 1984) er ein finsk skihoppar frå Kuopio. Han har vunne tre sølvmedaljar og ein bronsemedalje i laghopping for Finland i internasjonale meisterskap. Mellom 2006 og 2008 sigra han i tre verdscuprenn.

Janne Happonen


Statsborgarskap Finland
Fødd 18. juni 1984 (39 år)
Kuopio økonomiske region
Idrett skihopping
Tok del i

Vinter-OL 2010, Skihopping under Vinter-OL 2006 – Laghopp

Aktiv endre

Happonen vart juniorverdsmeister i skihopping i 2002 i Schonach, men fekk sitt internasjonale gjennombrot fyrst i 2006-sesongen. Han deltok då i VM i skiflyging i Bad Mitterndorf, der Finland vann sølvmedaljen i laghoppinga. Finlands fire utvalde; Happonen, Tami Kiuru, Matti Hautamäki og Janne Ahonen var det einaste laget som makta utfordre Noreg, men hamna til sist vel 20 poeng bakom nordmennene. Under OL 2006 i Torino fekk Finland med dei same fire på laget eit nytt sølv i laghopping. Med 976,6 poeng var Finland 7,4 poeng bakom olympiameistrane frå Austerrike. Den 5. mars 2006 vann Happonen sin fyrste siger i verdscupen i Lahti, fjorten dagar seinare vart det ein ny siger i sesongavslutninga i Planica.

Happonen og Finland tok sin tredje sølvmedalje for lag då Austerrike vann suverent i VM i skiflyging i 2008. Som to år tidlegare var både Hautamäki og Ahonen også med på Finlands lag, ny hoppar var Harri Olli. I den individuelle tevlinga vart Happonen nummer fem, hans beste plassering i eit verdsmeisterskap i så måte. I mars månad same året tok Happonen sin tredje og siste siger i verdscupen i eit amputert renn heime i Kuopio.

Grunna skade deltok han ikkje i 2009-sesongen. Han kom med på Finlands lag i laghopping i VM i skiflyging i Planica i 2010, der det vart bronsemedaljar på Harri Olli, Matti Hautamäki, Olli Muotka og Happonen. Hans beste plassering individuelt i verdscupen er dei siste sesongane ein sjetteplass i Vikersundbakken, der han 13. februar 2011 sette personleg rekord med eit hopp på 240 meter.

Bakgrunnsstoff endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar
  • (en) Janne Happonen – Profil og resultatoversikt hos FIS