Janne Kolling (fødd 12. juli 1968) er ein dansk tidlegare handballspelar frå Århus. Ho har vunne to OL-gull, VM-gull og to EM-gull med Danmarks landslag i tida 1994-2000. Kolling var kantspelar og kaptein på landslaget i fleire år.

Janne Kolling
Statsborgarskap Kongeriket Danmark
Fødd 12. juli 1968 (55 år)
Aarhus
Idrett handball
Tok del i

Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996

Kolling fekk sin landslagsdebut i 1988. I 1993 var ho med då Danmark tapte VM-finalen mot Tyskland. Dei neste åra var ho kaptein på eit dansk landslag som vann Handball-EM 1994, tok bronse i VM 1995, før laget i 1996 triumferte både under dei olympiske sommarleikane i Atlanta og i europameisterskapen på heimebane. Sigersrekka heldt fram med VM-gull i 1997, før ho under Handball-EM 1998 måtte sjå at dei norske kvinnene vann EM-finalen med heile 24-16 over Danmark. Under Sommar-OL 2000 i Sydney vart Kolling olympisk meister for andre gong. Ho spelte sin 250. og siste landskamp i mars 2001, gjennom desse kampane skåra ho 756 mål.

Kolling spelte for Viborg HK i tida 1991-97, spanske Corte Blanco 1997-99 og norske Tertnes Idrettslag i 1999/2000-sesongen. Ho avslutta i Slagelse FH, men la opp i 2001, grunna ein kneskade.

Kjelder endre