Jannike

kvinnenamn

Jannike og Jannicke er skandinaviske kvinnenamn av lågtysk opphav. Jannike har namnedag den 21. april i Noreg og den 11. januar i Sverige. Jannik er ei kortform av namnet.

Gry Jannicke Jarlum, kjend som Jannicke.
Foto: Jarle Vines

Jannike kjem frå lågtysk der det blei danna som eit diminutiv for Johanne eller ei kvinneleg form av Jan. Dette igjen kjem frå Johannes, eit namn som kjem frå hebraisk og tyder 'Gud er nådig'. I dag er Janke og Janneke vanlege nederlandske former av namnet. Andre skrivemåtar er Janich, engelsk Janeka og ungarsk Janika.

Namneberarar

endre

Kjelder

endre