Japansk musikk inneheld eit vidt spekter av ulike musikkstilar, ofte utanlandske stilar blanda med heimlege tradisjonar. Medan ainuar har halde i hevd nordasiatisk musikk har Japan teke imot påverkingar frå Korea, Kina og i nyare tid også Vesten. Samstundes har Japan vore såpass isolert at musikken der har utvikla heilt særeigne trekk.

Opptog av musikarar med tradisjonelle japanske instrument: Shamisen, fløyter og trommer.

I tillegg til ulike typar folkemusikk er nokre eldre japanske musikktypar gagaku, utvikla som hoffmusikk frå kinesisk musikk, noh-musikk som er ein viktig del av teaterforma, og den buddhistiske messeforma shomyo. Klassisk japansk musikk er basert på den opphavleg kinesiske femtoneskalaen. Eit anna kjennemerke ved gagaku er at eint markerer visse taktar med særskilde instrument, som i indonesisk gamelanmusikk.

I nyare tid er det utvikla ei rekkje musikktypar påverka av vestleg musikk. J-pop er kanskje den best kjende, men det finst også til dømes japansk jazz, japansk rock og japansk hip-hop. Japansk musikk er også kjend for utviklinga av karaoke og spelmusikk, musikk laga til data- og fjernsynsspel.

Kjelder endre

  • «arts, East Asian.» Encyclopædia Britannica. 2009. Encyclopædia Britannica Online. 7. juni 2009.
  • «gagaku.» Encyclopædia Britannica. 2009. Encyclopædia Britannica Online. 7. juni 2009.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Japansk musikk
  Denne musikkartikkelen som har med Japan å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.