Japanske prefektur

Japan er delt inn i 47 lokale administrative område: eitt storbydistrikt (都 To), Tokyo; ein krins (道 Dō), Hokkaidō; to byprefektur (府 Fu), Ōsaka og Kyoto); og 43 landlege prefektur (県 Ken). På japansk vert dei gjerne samla kalla Todōfuken (都道府県).

Japanske prefektur, nummereringa svarar til ISO-koden i tabellen under

Det noverande systemet vart etablert av Meiji-regjeringa i 1871 og er kjent som avskaffinga av Han-systemet. Sjølv om det i fyrsten fanst over 300 provinsar, vart talet redusert til 47 i 1888. Den lokale sjølvstyreloven frå 1947 gav meir politisk makt til prefektura, og opna for lokalt valde guvernørar. I 2003 gjorde statsminister Koizumi Junichiro framlegg om at regjeringa skulle slå saman dei noverande prefektura til rundt 10 regionale statar. Planen bar med seg at kvar region skulle ha større sjølvstyre enn dei noverande prefektura.

Under den noverande lokale sjølvstyreloven er kvart prefektur vidare delt inn i større byar (市 shi), mindre byar (町 chō), og landlege distrikt (郡 gun). Hokkaidō har også regionale kontor (支庁 shichō) som handsamar administrative funksjonar utanfor hovudstaden.

Kjelde endre