Sjå òg hokkaidohund.

Hokkaido (ainu Mosir) er den nordlegaste og nest største av dei japanske hovudøyene, og er ein region og dessutan eit eige prefektur i Japan. Dei tre største byane på Hokkaido er prefekturhovudstaden Sapporo, i tillegg til Asahikawa og Hakodate.

Hokkaidō
北海道
region
Flagg
Symbol
Land  Japan
Del av Japan-arkipelet, de fire hovedøyene
fjell Asahidake
Hovudstad Sapporo
Areal 77 984,49 km²
Folketal 5 383 579 (2015)
Kart
Hokkaido
43°27′38″N 142°47′32″E / 43.460555555556°N 142.79222222222°E / 43.460555555556; 142.79222222222
Kart over Hokkaido.
Kart over Hokkaido.
Kart over Hokkaido.
Wikimedia Commons: Hokkaido

Geografi endre

 
Satellittbilde av Hokkaido frå 2001.

Hokkaido er verdas 21. største øy, noko mindre enn Irland og noko større enn Hispaniola. Ho dekkjer 22 % av flatevidda til Japan. Ho er rundt 400 km lang frå nord til sør og rundt 450 km brei frå aust til vest. Prefekturet omfattar også fleire mindre øyar, som Rishiri, Okushiri og Rebun, og ifølgje det japanske synet fleire av dei omstridde Kurilane.

Øya har kyst mot Japanhavet, Okhotskhavet og Stillehavet. Ho er skild frå Honshu i sør av Tsugarusundet, men har sidan 1988 hatt vegsamband med sørøya gjennom Seikantunnelen. Over La Pérousundet i nordvest ligg den russiske øya Sakhalin.

Ein femtedel av øya er dyrkbar. Ho står for opp mot ein fjerdedel av dyrkbar mark i Japan, og har det største samanhengande landbruksområdet i landet. Størsteparten av Hokkaido er likevel dekt av fjell og åsar. Tvers over øya, frå nordvest til søraust, går ei fjellkjede kjend som Kitami i nord og Hidaka i sør. Det høgaste fjellet på øya, som ligg om lag midt på henne, er Asahidake (2290 moh.) i vulkangruppa Daisetsuzan.

Øya har mykje seismisk aktivitet, og det finst fleire vulkanar og varme kjelder her. Ein av dei mest aktive vulkanane i Japan, Usu (725 moh.), har hatt fire utbrot sidan 1900. I 1993 førte eit jordskjelv med styrke 7,8 til ein tsunami som øydela Okushiri og drap 202. Den 25. september 2003 blei eit område like utanfor øya råka av eit jordskjelv med styrke 8,0 på Richter-skalaen.

Klima endre

Hokkaido har fuktig kontinentalklima og er kjøligare enn resten av Japan. Gjennomsnittstemperaturen i januar er mellom -12 og -4 °C avhengig av høgd og lengdegrad. Gjennomsnittstemperaturen i august er mellom 17 og 22 °C. Øya blir ofte snødekt om vinteren, og til skilnad frå Japan elles har ho ikkje regntid. Klimaet trekkjer til seg turistar både om sumaren, då øya er god og varm, og om vinteren som vintersportsstad. Drivis og vinterstormar i Okhotskhavet gjer derimot reiser vanskelege på nordkysten av øya om vinteren.

Historie endre

Hokkaido var opphavleg folkesett av ainuar, nivkhar og orokar for rundt 20 000 år sidan. Dei fleste urfolka har smelta saman med japanarar, men dei finst likevel som ein liten minoritet.

Den japanske koloniseringa av øya byrja for alvor i 1869, då territoriet, då kalla Yezo, blei omdøypt til Hokkaido ('Nordsjødistriktet').

Næringsliv endre

Landbruk er ein viktig næringsveg på øya, og ein dyrkar mellom anna ris, kveite, soyabønner, sukkerbete, potet, eple og humle. Øya har rundt 22 % av skogen i Japan og har ein god tømmerindustri. Husdyrhald er også viktig, og Hokkaido har stor mjølkeproduksjon. Øya har òg ein stor fiskeflåte, og fiskeforedling er ein viktig industri i kystbyane.

Det blir vunne ut kol, sink og bly og noko mindre kvikksølv, kopar, mangan, gull og sølv på øya. Industrien omfattar produksjon av jern og stål, skipsverft, kjemisk og petrokjemisk industri.

Kjelder endre


Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Hokkaido
  Denne geografiartikkelen som har med Japan å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.