Jarle Nilsen (Utsira)

norsk politikar
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Jarle Nilsen (Karmøy).

Jarle Nilsen (fødd 22. september 1966) er ein norsk lokalpolitikar som var ordførar i Utsira kommune frå 2007 til 2012. Han representerte Felleslista.[1]

Jarle Nilsen
Fødd 22. september 1966
Parti Arbeidarpartiet

Nilsen er også medlem av Arbeiderpartiet og representerer partiet i fylkestinget i Rogaland. Sommaren 2012 valde han å trekka seg frå ordførarvervet for å få bedre tid til familien og til fylkestingsvervet. Varaordførar Marte Eide Klovning overtok stillinga.[2]

KjelderEndra

  1. www.h-avis.no: Ny Utsira ordfører
  2. «Ordførerskifte i Utsira Komune (sic)» på Utsira kommunes nettsted (udatert); besøkt 18. juni 2013.