Utsira

kommune i Rogaland fylke i Noreg
(Omdirigert frå Utsira kommune)

Utsira er ei øy, eit sokn og ein kommune lengst vest i Rogaland fylke. Utsira er den minste kommunen i Noreg målt i innbyggjartal, og den nest minste målt i flatevidd.

Det er føreslått at denne sida blir flytta til Utsira kommune. (Sjå eventuelt diskusjon)
Utsira kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Rogaland
Adm.senter Utsira
Areal 6,32 km²
 - land 6,29 km²
 - vatn 0,03 km²
Folketal 215  (1. januar 2024)
Målform nøytral
Ordførar Marte Eide Klovning (Ap)
Kommunenr. 1151
Kart
Utsira kommune
59°18′26″N 4°53′10″E / 59.307222°N 4.886111°E / 59.307222; 4.886111
Wikimedia Commons: Utsira
Nettstad: www.utsira.kommune.no

Utsira sokn og kommune endre

Utsira sokn er gammalt, men det er uvisst om her fanst kyrkje allereie i mellomalderen. Soknet var ein del av Torvastad kommune heilt fram til sommaren 1924, då det vart utskifta til ein kommune for seg sjølv, med 414 innbyggjarar.

Namn og kommunevåpen endre

På gamalnorsk heitte øya Utsira berre Síri (nominativ) og Síra (genitiv). Fyrste stavinga «Ut», som kan samanliknast med Out Skerries på Shetland, vart lagt til på 1500- talet. Innbyggjarane kallar framleis øya for Sira og ein innbyggjar vert sjølv kalla «sirabu». Opphavet til namnet Sira er ein ikkje sikre på, men det kan tyda 'sterk straum'. Sira er au namnet på åna som skil Rogaland og Vest-Agder.

Kommunevåpenet i blått og sylv står for fyrlyset frå Utsira fyr slik det lyste tidlegare. Det blei utforma av John Digernes i 1982.[1]

Geografi endre

Kommunen har 6,15 km² land, nesten alt på sjølve øya Utsira, der òg all folkesetnad finst. Øya ligg 15 km vest for Karmøy, og turen til og frå øya tek 75 minutt med ferje frå Haugesund. Øya har to ferjeleie, Nordvikvågen i nord og Sørevågen i sør, og den førstnemnde er mest brukt.[2]

 
Utsira kyrkje
 
Nordvikvågen på Utsira

Sjå òg endre

Fotnotar endre

Bakgrunnsstoff endre

  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.