Jarnsaksa er i norrøn mytologi ei jotnekvinne som er dotter av havgudane Rån og Æge. Dei ni døtrene deira er dei ni møyane som vart mødrer til guden Heimdall.

Jarnsaksa får barnet Magne saman med Tor. Magne har enorm styrke, og berre tre dagar gamal reddar han Tor i kampen mot kjempa Rungne. Magne er den einaste som greier å lyfta foten til Tor vekk frå foten til Rungne.

Kjelder endre

«Magne» i Store norske leksikon, snl.no., henta inn 20. september 2012.