Jaroslava Jehličková

Jaroslava Jehličková (fødd 24. mars 1942) er ein tsjekkisk tidlegare mellomdistanseløpar frå Hořice som representerte Tsjekkoslovakia. Ho vart den aller fyrste internasjonale meisteren på 1500 meter då ho i 1969 vann gullmedaljen under europameisterskapen i friidrett på verdsrekordtida 4.10,7.

Aktiv endre

Jehličková vart tsjekkoslovakisk meister på 800 meter i 1966 og på ny i 1968. Ho deltok på distansen ved Sommar-OL i Mexico-byen, der utslått i semifinalen. I 1969 kom 1500 meter på tevlings-programmet for kvinner for fyrste gong i internasjonale meisterskap. Jehličková vart den fyrste nasjonale meisteren på 1500 m, i ein meisterskap ho vann 800 meter for tredje gong. Til europameisterskapen i Aten kom ho med ein personbeste på 1500 m på 4.20,2. EM-finalen gjekk i stor fart med favorittane Paola Pigni frå Italia og Maria Gommers frå Nederland i tet då klokka ringde. På den siste runda tok Jehličková seg forbi fleire løparar og sprang fyrst i mål på ny verdsrekord 4.10,7.

Jehličková tevla ikkje i 1970-sesongen. I 1971 kopierte ho dobbeltsigeren på 800 og 1500 meter i den tsjekkoslovakiske meisterskapen. Ho kvalifiserte seg til 1500-finalen ved EM i Helsinki der ho enda på sjuandeplass, i ei tevling Karin Burneleit frå Aust-Tyskland forbetra Jehličková sin verdsrekord med over eit sekund. OL-sesongen 1972 tok Jehličková sin sjuande nasjonale meistertittel då ho sigra på 1500 m. Same sesongen forbetra ho sitt personbeste på 800 m til 2.04,7. Under dei olympiske sommarleikane i München gjorde ho unna sin aller raskaste 1500 m på tida 4.08,3 i forsøket. I semifinalen gav ho opp og vart sist i feltet.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre