Javier Zanetti

argentinsk fotballspelar

Javier Aldemar Zanetti (fødd 10. august 1973 i Buenos Aires) er ein argentinsk tidlegare fotballspelar som no er visepresident for Inter Milan.

Javier Zanetti
Personleg informasjon
Fullt namn Javier Adelmar Zanetti
Fødd 10. august 1973 (50 år)
Fødestad Buenos Aires i Argentina
Høgd 178 cm
Posisjon Høgreback, venstreback, midtbane
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1992–1993
1993–1995
1995–2014
Talleres (RE)
Banfield
Inter
33 (1)
66 (4)
539 (12)
Landslag
1994–2011 Argentina 145 (5)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Zanetti var høgreback og spelte på Inter frå 1995 til 2014. Han spelte sin 700. kamp i meisterligafinalen 2010, ein kamp Inter vann med 2-0 over Bayern München. Han var kaptein både på Inter og det argentinske landslaget.

I Argentina er Zanetti kjend under kallenamnet Pupi, i Italia vart han kalla Il Trattore ('traktoren'). Namna kom av di han kunne springe heile vegen frå backposisjon til angrepsposisjon.

Zanetti deltok i verdsmeisterskapane 1998 og 2002. Med Inter vann han Meisterligaen 2010, UEFA-cupen 1998 og to gonger Coppa Italia, dessutan fem Serie A-meisterskap.

Kjelder endre