Javon (russisk Яво́нь) er ei elv i Novgorod oblast i Russland og ei av sideelvane til Pola frå venstre. Elva er 50 km lang.

Javon
elv
Javon i Demjansk
Land  Russland
Lengd 50 km
Kjelde Veljo
Munning Pola
Kart
Javon
57°36′06″N 33°09′21″E / 57.6017°N 33.1558°E / 57.6017; 33.1558
Wikimedia Commons: Yavon river

Dei største sideelvane hennar er Kunjanka frå venstre og Tsjernorutsjenka frå høgre. Den største busetnaden ved elva er den urbanliknande busetnaden Demjansk.

Javon renn ut frå innsjøen Veljo i Valdajhøgdene. Kjelda er regulert av ei demning. Den øvste delen av elva er turbulent med sterk straum og mange stryk. Den totale høgdeskilnaden frå kjelda til munningen er 148 meter. Etter kvart som Javon nærmar seg munningen renn ho saktare.

Tidlegare var elva ein del av handelsvegen frå Velikij Novgorod ved Volga.

Kjelder endre