Jayyous
Jayyous (arabisk جيوس, hebraisk skrift ג'יוס) er ein palestinsk landsby nær den vestlege grensa til Vestbreidda, nær Qalqilya. Han er eit jordbrukssamfunn. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde landsbyen eit folketal på kring 3 307 innbyggjarar i 2006.[2]
Jayyous | |||
جيوس, Jayyus | |||
kommune | |||
Namneopphav: Jiyus, førenamn[1] | |||
Land | Dei palestinske territoria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Qalqilya guvernement | ||
Koordinatar | 32°12′04.77″N 35°02′05.58″E / 32.2013250°N 35.0348833°E | ||
Folketal | 3 300 (2006) | ||
Jayyous 32°12′05″N 35°02′06″E / 32.201325°N 35.034883333333°E | |||
Kart som viser Jayyous.
| |||
Wikimedia Commons: Jayyous |
Historie
endreSeint i den osmanske perioden, i 1882, skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Jiyus som ein «mellomstor steinlandsby på ein rygg, med oliven i søraust. Han verkar gammal, og har graver hogde ut i berget og gamle brunnar.»[3]
I folketeljinga i 1922 hadde Jaiyus eit folketal på 433, alle muslimar.[4]
Landsbyen ligg i eit område som er direkte råka av den israelske sperremuren, og kring 75 % av jordbruksområdet til landsbyen ligg på den andre sida av sperringa.[5] For å nå fram til området sitt, må bøndene gjennom to portar. Portane er meint å vere opne tre gonger til dagen i korte periodar, men i juni 2005 var portane stort sett stengde, og bøndene demonstrerte ved portane.
Kjelder
endre- ↑ Palmer, 1881, s. 183
- ↑ Projected Mid -Year Population Arkivert 2008-02-07 ved Wayback Machine. for Qalqilya guvernement by Locality 2004- 2006 Palestinsk statistisk sentralbyrå
- ↑ Conder og Kitchener, 1882, s. 165
- ↑ J. B. Barron, red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine. Table IX, Subdistrict of Tulkarem, s. 28.
- ↑ UNRWA
- Denne artikkelen bygger på «Jayyous» frå Wikipedia på engelsk, den 23. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Conder, Claude Reignier; Kitchener, Herbert H. (1882). The Survey of Western Palestine: Memoirs of the Topography, Orography, Hydrography, and Archeology 2. London: Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Hadawi, Sami (1970). Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine. Palestinsk frigjeringsorganisasjon forskingssentral.*Hadawi, Sami (1970). Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine. Palestinsk frigjeringsorganisasjon forskingssentral.
- Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft.
- Mills, E., red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestine.
- Palmer, E. H. (1881). The Survey of Western Palestine: Arabic and English Name Lists Collected During the Survey by Lieutenants Conder og Kitchener, R. E. Transliterated and Explained by E.H. Palmer. Committee of the Palestine Exploration Fund.