Jazz from Hell
Studioalbum av Frank Zappa
Språk engelsk, inkje språkleg innhald
Utgjeve 15. november 1986
Innspelt 1985–1986 ved UMRK (utanom «St. Etienne», 1982 ved Palais des Sports i St. Etienne, Frankrike)
Sjanger Datamusikk, jazzfusion
Lengd 34:26
Selskap Barking Pumpkin
Produsent Frank Zappa
Frank Zappa-kronologi 
The Old Masters Box II
(1986)
Jazz from Hell London Symphony Orchestra, Vol. II
(1987)


Jazz from Hell er eit instrumentalalbum av Frank Zappa som han vann ein Grammy for. Det kom ut i 1986 på Barking Pumpkin Records (vinyl) og Rykodisc (CD).

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 stars [1]
Rolling Stone(positiv)[2]

Albuminformasjon

endre

All songane er laga og framført av Frank Zappa på Synclavier DMS med unntak av «St. Etienne», ein gitarsolo frå eit konsertopptak av «Drowning Witch» frå ein konsert i Saint-Étienne i Frankrike under ein turné i 1982.

«While You Were Art II» er ein Synclavier-versjon basert på ein transkripsjon av ein improvisert gitarsolo på songen «While You Were Out» frå Shut Up 'n Play Yer Guitar. Den ikkje-utgjevne originale Synclavier-versjonen vart laga med berre FM-synthen på synthesizeren, medan innspelinga på albumet vart Zappa sitt «deluxe»-arrangement med nyare samplingar og klangar.

«G-Spot Tornado» var eit stykke Zappa meinte var umogeleg for menneske å spele. Det vart framført av Ensemble Modern på konsertinnspelinga The Yellow Shark.

Utgjeving

endre

Det vart gjeve ut i Europa på CD i lag med ni spor frå Frank Zappa Meets the Mothers of Prevention på same plate.

Prisar

endre

Zappa vann ein Grammy for beste instrumentale rock for albumet i 1988.

Kontrovers

endre

Sjølv omd et er eit instrumentalalbum kom det rapportar, som ikkje er stadfesta, om at Fred Meyer-kjeda selde Jazz from Hell med eit Parental Advisory-merke på. Dette kan ha kome av striden Zappa hadde med PMRC, bruken av ordet «hell» i albumtittelen, eller sporet «G-Spot Tornado».[3]

Innhald

endre

Alle songar er skrivne av Frank Zappa.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Night School»4:47
2.«The Beltway Bandits»3:25
3.«While You Were Art II»7:17
4.«Jazz from Hell»2:58
Side to
Nr.TittelLengd
5.«G-Spot Tornado»3:17
6.«Damp Ankles»3:45
7.«St. Etienne»6:26
8.«Massaggio Galore»2:31

Medverkande

endre
Musikarar

Kjelder

endre
  1. Planer, L. (2011). «Jazz from Hell - Frank Zappa | AllMusic». allmusic.com. Henta 5. juni 2014. 
  2. Fricke, D. (2011). «Frank Zappa: Jazz From Hell : Music Reviews : Rolling Stone». web.archive.org. Arkivert frå originalen 25. mai 2009. Henta 5. juni 2014. 
  3. Nuzum, Eric. «Censorship Incidents: 1980s». Parental Advisory: Music Censorship in America. Arkivert frå originalen 21. juni 2007. Henta 23. august 2014.