The Yellow Shark
Konsertalbum av Frank Zappa
Utgjeve 2. november 1993
Innspelt 17–28. september 1992 ved Alte Oper i Frankfurt; Philharmonie i Berlin og Konzerthaus i Wien
Sjanger Klassisk musikk
Lengd 72:02
Selskap Barking Pumpkin
Produsent Frank Zappa
Frank Zappa-kronologi 
Ahead of Their Time
(1993)
The Yellow Shark Civilization Phaze III
(1994)


The Yellow Shark er eit album med orkestermusikk av Frank Zappa, gjeve ut i 1993. Det består av konsertopptak frå Ensemble Modern sine framføringar av Zappa sine komposisjonar i 1992. Dette var det siste albumet Zappa gav ut før han døydde. I teksten til omslaget skriv Zappa at The Yellow Shark var eit av dei mest givande prosjekta i karrieren hans og den beste representasjonen av orkestermusikken hans.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 stars[1]

Songaren Tom Waits har omtalt albumet som eit av favorittalbuma sine og sa: «Ensemblet er overveldande. Det er ei rik førestilling av tekstur i farge. Det er klårheit i hans perfekte galskap og meistring. Frank styrer med Elmore James til venstre og Stravinsky til høgre. Frank regjerer og herskar med dei merkelegaste verktøya».[2]

Historie

endre

I 1991 vart Zappa vald ut som ein av fire komponistar ved Frankfurt Festival i 1992 (dei andre var John Cage, Karlheinz Stockhausen og Alexander Knaifel).[3] Zappa vart kontakt av det tyske kammerensemblet Ensemble Modern, som var interessert i å spele musikken hans for denne festivalen. Sjølv om han var sjuk, inviterte Zappa dei til Los Angeles for øvingar av nye komposisjonar og nye arrangement av eldre materiale.[4] I tillegg til at han var nøgd med framføringa av musikken, gjekk Zappa òg godt overiens med musikarane og konsertar i Tyskland og Austerrike vart sett opp på hausten.[4] Koreografen Édouard Lock og kompaniet hans La La La Human Steps var ein del av showet.[5][6] I september 1992 gjekk konsertane som planlagt, men Zappa kunne berre møte på to av dei i Frankfurt, på grunn av sjukdom. På den første konserten dirigerte han opninga «Overture» og den siste «G-Spot Tornado», i tillegg til den teatralske «Food Gathering in Post-Industrial America, 1992» og «Welcome to the USA». Resten av programmet vart dirigert av den faste dirigenten til ensemblet, Peter Rundel. Zappa fekk ein 20 minuttar ståande ovasjon etter konserten.[7] Dette var siste gongen han viste seg offentleg, sidan kreften spreidde seg så mykje at smertene vart for store til at han kunne nyte det som elles ville ha vore «oppmuntrande».[7] Innspelingane frå konsertane finst på The Yellow Shark, det siste albumet Zappa gav ut medan han levde.

Det posthume albumet Everything Is Healing Nicely, frå 1999, inneheld fleire innspelingar frå den same tida, gjort i førebuinga av opptaka som finst på The Yellow Shark.

Innhald

endre
Nr.TittelLengd
1.«Intro»1:43
2.«Dog Breath Variations»2:07
3.«Uncle Meat»3:24
4.«Outrage at Valdez»3:27
5.«Times Beach II»7:31
6.«III Revised»1:45
7.«The Girl i Magnesium Dress»4:33
8.«Be-Bop Tango»3:43
9.«Ruth Is Sleeping»5:56
10.«None of the Above»2:17
11.«Pentagon Afternoon»2:28
12.«Questi Cazzi Di Piccione"[8]»3:03
13.«Times Beach III»4:26
14.«Food Gathering in Post-Industrial America, 1992»2:52
15.«Welcome to the USA»6:39
16.«Pound for a Brown»2:12
17.«Exercise, No. 4»1:37
18.«Get Whitey»7:00
19.«G-Spot Tornado»5:17

Medverkande

endre
Musikarar

Salslister

endre
Billboard (Nord-Amerika)
År Liste Plassering
1993 Top Classical Crossover 2[9]

Kjelder

endre
  1. Couture, F. (2011). «Zappa: The Yellow Shark - Frank Zappa | AllMusic». allmusic.com. Henta 22. august 2014. 
  2. Waits, Tom (22. mars 2005). «It's perfect madness». The Guardian (London). 
  3. Menn, Don, red. (1992). «Andreas Mölich-Zebhauser — Preparing the Ensemble Modern for the Frankfurt Festival». Zappa! Guitar Player Presents. San Francisco, CA: Miller Freeman. s. 12–13. ISSN 1063-4533. 
  4. 4,0 4,1 Miles, 2004, Frank Zappa, s. 369.
  5. Howe-Beck, Linde. «Édouard Lock». The Canadian Encyclopedia. Arkivert frå originalen 6. juni 2013. Henta 25. august 2014. 
  6. «Frank Zappa - The Yellow Shark Dance». youtube.com. Henta 25. august 2014. 
  7. 7,0 7,1 Miles, 2004, Frank Zappa, s. 371.
  8. Zappa intended to mean «These fucking pigeons», a concept conveyed in Italian using a slang term for penis, but his title is grammatically incorrect, mixing plural penises med a single pigeon. The correct Italian would be «Questi Cazzo Di Piccioni».
  9. «Salslister and Awards for The Yellow Shark». Allmusic. Henta 7. juni 2014. 

Bakgrunnsstoff

endre