Jean-Baptiste-Ange Tissier

Jean-Baptiste-Ange Tissier (6. mars 18144. april 1876) var ein fransk målar på 1800-talet.

Jean-Baptiste-Ange Tissier
Statsborgarskap Frankrike
Fødd 6. mars 1814
Paris
Død

4. april 1876 (62 år)
Nice

Yrke kunstmålar
Sjanger portrett
Jean-Baptiste-Ange Tissier på Commons

Han måla portrett i romantisk stil, og var ein av dei offisielle målarane under det andre keisarriket i Frankrike.

Liv endre

 
Portrett av Ben ed-Din Abd el-Kader, den algerske emiren, 1852, 72 × 59 cm, museet i Versailles.

Ange Tissier blei fødd i Paris med foreldre frå Soissons. Han gjekk på skule i Soissons før han tok vidaregåande studiar i Laon. I 1835 blei han elev hjå målarane Ary Scheffer og Paul Delaroche og ved École des beaux-arts i Paris.

Verk endre

Ange Tissier stilte ut ved Parissalongen frå 1838. I 1841 synte han fram Nymphe endormie surprise par deux faunes, i 1842 Portrait de Mme A..., i 1844 Tête de Vierge og i 1845 Mater Dolorosa. Han deltok også ved salongen i 1846 (Le Christ portant sa croix), 1847 (Portrait de Mme Hersart du Buron), 1849 og 1851 (to kvinneportrett), 1853 (Portrait d'Abd-el-Kader, 1852, musée de Versailles) og 1857 (Portrait du général Mayran, musée de Versailles).Ved salongen i 1861 synte han fram to portrett og to av dei best kjende måleria sine: Une Algérienne et son esclave (1860, 130 × 97 cm, Paris, musée du quai Branly), eit orientalistisk verk, og Le Prince-président visitant Abd-el-Kader au château d’Amboise (musée de Versailles), eit stort gruppeportrett som æra Napoléon III. I 1866 synte han fram endå eit verk i same stil: L'achèvement du Louvre (L'empereur approuvant les plans présentés par M. Visconti), måla året før på oppdrag frå staten. Dette året viste han òg fram Portrait de la supérieure générale des sœurs de Sainte-Marie de la Famille. I 1868 synte han fram to studiar (Jeune fille og Mendiant breton). Ved salongen i 1869 stilte han ut portrette Italienne som også blei kjøpt av staten.Året etter synte han fram to portrett. I 1872 og 1873 presenterte han Portrait de M. O. de V. og i 1875, L'attente, Le sourire og Portrait de la baronne de J.. I 1876 blei Portrait de M. L. P stilt ut ved salongen.Verka til Tissier vann prisar i 1845 (medalje av tredje klasse), 1847 et 1848 (medalje av andre klasse), 1855 (tredje klasse) og 1861 (andre klasse).

I 1852 dekorerte han saman med Charles Landelle og Jean Gigoux venteromma til revisjonsretten og statsrådet ved Palais d’Orsay med allegoriske bilde. I 1867 blei Ange Tissier tildelt Æreslegionen. Saman med Alfred de Dreux, Ernest Meissonier, Adolphe Yvon og Franz Xaver Winterhalter var han ein av målarane Napoléon III rekna som dei meste gåverike tenarane til den keisarlege æra.[a]

Elevar endre

Tissier hadde særleg mange kvinnelege elevar som svenske Amalia Lindegren (før 1853) og Kerstin von Post (før 1864), norske Marie Helene Aarestrup (rundt 1859) og Aasta Hansteen (rundt 1856),[1] amerikanske Elizabeth Gardner (rundt 1865) og Suzanne Porter, peruvianske Maria Rebeca Oquendo, polske Nathalie de Mool (før 1868) og franske Marie Gallois, fødd Durand eller Durant (før 1857), Victorine Régnier, fødd Barbier (før 1861), Alix Duval (før 1868), Marie-Amélie Chartroule (kjend som Marc de Montifaud), Élisa-Marguerite Guy (før 1870), Léonie Debette, fødd Adam, Marie Chevalier, Gabrielle Le Masquerier, Armande Perard, Mathilde Robert, Mathilde Demougin (før 1868) og fru Edmond Jeanmaire.Han var også meisterfor Napoléon-Joseph Bellardel (avant før 1868), Louis-Antoine-Auguste Thomas (før 1867), Jean Sauvagnac (før 1868), Oscar-Pierre Mathieu (før 1869) og Stephen Jacob (før 1868).

Galleri endre

Merknadar endre

  1. "les plus doués serviteurs de la gloire impériale"

Kjelder endre

  1. Wichstrøm, Anne (20. februar 2017). «Aasta Hansteen». Norsk kunstnerleksikon (på norsk bokmål).