Aasta Hansteen
- Denne artikkelen handlar om kunstnaren. For gassfeltet, sjå Aasta Hansteen-feltet.
Aasta Hansteen (10. desember 1824–13. april 1908), var ein norsk kunstmålar, forfattar, målkvinne og kvinnesaksforkjempar, dotter av Christopher Hansteen.
Aasta Hansteen | |
![]() | |
Fødd | 10. desember 1824 Christiania |
Død |
13. april 1908 (83 år) |
Yrke | kunstmålar, skribent |
Aasta Hansteen på Commons |
Målarstykka hennar var inspirerte av opplæringa ho hadde i København og i Düsseldorf, og ho har summert opp karrieren sin i si eiga bok Kvinneliv og Kunstnerliv. Eit bilete ho måla av far sin, heng i Nasjonalgalleriet.
Ho gjorde seg òg gjeldande som skribent, først under pseudonym med den nynorske boka Skrift og Umskrift i Landsmaalet (1862). I Ferdamannen tok ho til orde for ei eiga lesebok på landsmål. I 1878 gav ho ut boka Kvinden skabt i Guds Billede.
Aasta Hansteen bidrog til kvinnesaka først og fremst gjennom innlegg i pressa, og vart kjend i så stor grad at Henrik Ibsen brukte henne som modell for Lona Hessel i sitt skodespel Samfundets Støtter (1877), og Gunnar Heiberg i Tante Ulrikke (1882).
Hansteen var fødd i Kristiania. I 1880 emigrerte ho til USA, og vende attende i 1889 med impulsar som ho gav til kjenne i Norsk Kvindesagsforening og ved innlegg i bladet Nylænde. Ho døydde i Kristiania og er gravlagd på Vår Frelsers gravlund. På grava står ein minnestein av Gustav Vigeland. I 1985 vart det avduka ein statue av Aasta Hansteen på Aker Brygge, laga av kunstnaren Nina Sundbye.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |