Opna hovudmenyen

Jean-Léon Gérôme (11. mai 182410. januar 1904) var ein fransk målar og skulptør som er best kjend for sine akademiske kunstverk og sine historiemåleri. Mange av måleria hans byggjer på ulike motiv i orientalismen, gresk mytologi og klassiske framstillingar. I tillegg måla han portrett.

Jean-Léon Gérôme
Jean-Leon Gerome.jpg
Fødd 10. mai 1824
Vesoul
Død

10. januar 1904
Paris

Yrke kunstmålar, bilethoggar
Jean-Léon Gérôme på Commons

Liv og gjerningEndra

Jean-Léon Gérôme i atelieret sitt i Paris.

Gérôme var fødd i Vesoul i Haute-Saône. 17 år gammal reiste han til Paris, der han gjekk i lære hos Paul Delaroche. Saman reiste dei i 1844-45 på ei reise i Italia. To år etter heimkomsten debuterte Gérôme så på den årlege utstillinga på Paris-salongen med måleriet Hanekamp, og fekk ein medalje.

Dei neste åra deltok han regelmessig på dei viktigaste fransk kunstutstillingane med måleri over historiske og mytologiske tema. Reiser til Tyrkia i 1854 og til Egypt i 1857 førte til nye motiv kom med i målera hans. Mange av bileta viser til Orienten, medan andre syner berømte historiske hendingar. Eit av hans mest kjente verk, laga i 1867, syner Napoléon framom sfinksen i Giza i Egypt.

Gérôme vert halde som ein av de viktigaste målarane frå den akademiske perioden. I tillegg til å vere ein etterspurd målar, hadde han gjennom åra svært mange elevar.

Gérôme var ein svoren motstandar av impresjonismen, og kjempa iherdig mot denne stilretninga då ho byrja fange interesse midt på 1870-talet.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra