Austen

(Omdirigert frå Orienten)

Austen eller Orienten er ei nemning om land som ligg aust for Europa, det vil hovudsakleg seie i Asia. Ein deler Austen opp i Midtausten, eller Nære Austen, og Fjerne Austen, eller Aust-Asia. Nøyaktig kva for land eller område ein meiner med nemninga varierer. Vesten eller Oksidenten kan vera ein motsats til omgrepet.

Orienten blir ofte nytta om Asia.

Namnet «Orienten» har opphav i det latinske ordet oriens, som tyder 'står opp' og viser til soloppgangen i aust. Omgrepet har gjeve opphav til ord som «orientalsk» og «orientalisme».

Nemninga omfattar vanlegvis land som Tyrkia, Kypros, Syria, Libanon, Jordan, Israel, Iran, Irak, Egypt, Saudiarabia, Kuwait, Qatar, Dei sameinte arabiske emirata, Oman, Jemen, Aserbajdsjan, Turkmenistan, Afghanistan, Pakistan, India og delar av Russland.

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Austen


Kjelder

endre

«Orienten» i Store norske leksikon, snl.no.

  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.