Jean-Paul Villain
Jean-Paul Villain (fødd 1. november 1946) er ein fransk tidlegare friidrettsutøvar frå Dieppe. Han vart i 1971 europameister i 3 000 meter hinder.
Jean-Paul Villain | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 1. november 1946 (78 år) Dieppe |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1976, Sommar-OL 1968, Sommar-OL 1972 |
Under Sommar-OL 1968 i Mexico-byen vart Villain niandemann i hinderløpet. Eitt år seinare kom han i mål til femteplass på tida 8.33,4 ved EM i friidrett 1969 i Aten. I europameisterskapen i Helsinki i 1971 gjorde han sitt livs løp då han vann gullmedaljen på ny fransk rekord 8.25,1, sekundet føre Dušan Moravčik frå Tsjekkoslovakia. Året etter enda Villain nede ellevteplassen då dei olympiske sommarleikane 1972 vart avvikla i München. Korkje i Roma-EM 1974 eller i Sommar-OL 1976 i Montreal makta han ta seg til finale i 3 000 meter hinder.
Villain var fransk mester på 3 000 m hinder i 1965, 1969-1971 og 1976.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Jean-Paul Villain» frå Wikipedia på tysk, den 27. august 2023.