Jean-Pierre Yvaral

Jean-Pierre Vasarely (19342002), kunstnarnamn Yvaral, var ein fransk kunstnar innan op-art og kinetisk kunst frå 1954 og framover. Han var son av Victor Vasarely.

Jean-Pierre Yvaral
Statsborgarskap Frankrike
Fødd 25. januar 1934
6. arrondissement, Paris
Død

2. august 2002 (68 år)
Villejuif

Yrke kunstmålar, bilethoggar, grafikar
Medlem av Groupe de Recherche d’Art Visuel, Groupe de Recherche d’Art Visuel
Far Victor Vasarely

Yvaral studerte grafisk kunst og publisitet ved École des Arts Appliqués mellom 1950 og 1953. I 1960 grunnla Yvaral Groupe de Recherche d'Art Visuel (GRAV) i lag med Julio Le Parc, François Morellet, Francisco Sobrino, Horacio Garcia Rossi og Joel Stein, og prøvde å utvikle eit samanhengande abstrakt visuelt språk som bestod av enkle geometriske element.

I 1975 fann han opp uttrykket numerisk kunst for å skildre kunst samansett (eller programmert) etter numeriske reglar eller algoritmar. Frå den tid nytta han datamaskinar til å digitalt prosessere og manipulere bilete, sjølv om det endelege resultatet alltid var handmala. Han nytta denne teknikken til å produsere fleire portrett der han nytta eit lett gjenkjenneleg motiv, som andletet til Marilyn Monroe, og så bearbeide dei slik at dei vart abstrakte komposisjonar, samstundes som det opphavlege bilete av gjenkjenneleg.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre