Jean Baptiste Perrin

fransk fysikar

Jean Baptiste Perrin (30. september 1870 17. april 1942) var ein fransk fysikar og nobelprisvinnar. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1926 for arbeidet sitt med å påvise at materie består av atom.

Jean Baptiste Perrin

Fødd30. september 1870
Lille i Frankrike
Død17. april 1942 (71 år)
New York City i USA
NasjonalitetFransk
Områdefysikk, naturvitskap
Yrkefysikar, universitetslærar, komponist, kjemikar, teoretisk fysikar
InstitusjonarÉcole normale supérieure
Universitetet i Paris
Alma materÉcole Normale Supérieure
DoktorgradsrettleiarJules Violle
Kjend forOpphavet til katodestråle
Brownsk rørsle
EktefelleHenriette Perrin-Duportal
BarnFrancis Jean Perrin, Aline Lapicque
MedlemRoyal Society
Det franske vitskapsakademiet
Det sovjetiske vitskapsakademiet
Kungliga Vetenskapsakademien
Det russiske vitskapsakademiet
Accademia delle Scienze di Torino

Perrins gradualavhandling, Sur les rayons cathodiques eit les rayons X (1897), inneheldt òg det eksperimentelle beviset for at katodestrålene medfører negativ elektrisk ladning. I eit seinare arbeid, Recherches sur le mouvement brownien eit la détermination des poids absolus des molécules (1908), bestemte han ut frå ultramikroskopiske studiar av den brownske rørsla verdien på massen og mengda til molekyla, som stemte godt overeins med resultat frå andre forskarar. Dette var ein eksperimentell stadfesting av Einsteins teori om brownsk rørsle.

Perrin vart innvald som representant av Kungliga Vetenskapsakademien i 1922.

Han var faren til fysikaren Francis Perrin.

Kjelder endre