Jean Racine (22. desember 163921. april 1699) var ein fransk dramatikar som opererte i den fransk-klassiske perioden saman med andre dramatikarar som Corneille og Molière. Denne perioden hadde ei blømingstid frå 1630 til 1730.

Jean Racine

Statsborgarskap Kongedømet Frankrike
Fødd desember 1639
La Ferté-Milon
Død

21. april 1699
Paris

Yrke skodespelforfattar, lyrikar, omsetjar, librettist, historikar, skribent
Språk fransk
Sjanger tragedie
Medlem av Académie française, Académie des inscriptions et belles-lettres
Far Jean Racine
Mor Jeanne Sconin
Ektefelle Catherine de Romanet
Born Jean-Baptiste Racine, Louis Racine
Signatur
Jean Racine på Commons
Jean Racine på sovjetisk jubileumfrimerke frå 1989

Liv og virke endre

Bakgrunn endre

Racine var fødd i landsbyen La Ferté-Milon i Frankrike. Mora døydde 13 månader etter at han var fødd, og faren døydde to år seinare. Racine blei oppfostra av besteforeldra sine, og då bestemora, Marie des Moulins, blei enke, tok ho den niårige guten med seg til klosteret i Port-Royal des Champs nær Paris.[1] Sidan ei gruppe fromme lærde og lærarar hadde grunnlagt ein skule der, hadde Racine høve til å studera latinsk og gresk litteratur, noko som gjorde at han kunne lesa dei greske tragediane på originalspråket. Skulen var fordjupa i den strenge religiøse rørsla kjent som jansenismen,[2] som nyleg var blitt fordømt av kyrkja som kjettersk.[3]

Sidan det franske monarkiet mistenkte jansenistane for å vera teologisk og politisk nedbrytande, blei Racine sitt livslange tilhøve til dei tidlege venene og lærarane sine ambivalent, ettersom den ambisiøse kunstnaren søkte tilgang til det verdslege hoffet.[1] Dei første stykka til Racine er prega av det sterke tilhøvet hans til jansenismen. Etterkvart riv han seg noko laus frå dette før dei siste stykka hans atter er prega av religionen.[2]

Dramatikar endre

I verka til Racine kan ein notera at han var ein skarp skildrar av psykologiske hendingsforløp.[2] Han nyttar eit uttrykksfullt språk, noko ein særleg han sjå i Britannicus (1669), ein tragedie om keisar Nero, som lik mange av verka til Racine handlar om kvinner i ei mannsdominert verd.[1]

Racine dyrka teoretikaren Boileau sin Art Poétique (1674) til fingerspissane. Teoriane hans byggjer på den gamle antikke dramaturgien, høvesvis frå Aristoteles og Horats. Reglane for det fransk-klassiske dramaet var strenge og skulle overhaldast om stykket skulle karakteriserast som godt, og godt måtte det vera for at Ludvig XIV, som den øvste vernaren av dramaet, skulle like det.

Racine var elles Boileau sin favoritt blant dramatikarane, ikkje berre fordi Racine følgde konvensjonane hans slavisk, men òg fordi fleire av dramaa til Racine byggjer på mytar frå den greske antikken.[2][1] Dei er òg prega av sterke kvinneskikkelsar som i gjennombrotet Andromake (Andromaque, 1667). Her nyttar han ein teknikk frå commedia dell'arte der alle elskar nokon som elskar ein annan, men utan den sjølvsagde løysinga på slutten. I kjent tragisk ånd lid personane absolutte skjebnar. Elsken hans for tragiske kvinneskikkelsar møter ein òg i stykket Fedra (1677). Her viser han korleis han skil seg frå dei andre fransk-klassiske dramatikarane ved å skildra den indre psyken til eit menneske framfor å framstilla dei som eindimensjonale.

Racine trekte seg tilbake frå karrieren sin som dramatikar då han var 38 år gammal, etter at han hadde kome inn under kongeleg vern saman med Boileau som kongeleg historieskrivar.[1]

Dramatikk skriven av Racine endre

  • La Thébaïde (1664)
  • Alexandre le Grand (1665)
  • Andromaque (1667)
  • Les Plaideurs (1668)
  • Britannicus (1669)
  • Bérénice (1670)
  • Bajazet (1672)
  • Mithridate (1673)
  • Iphigénie (1674)
  • Phèdre (1677)
  • Esther (1689)
  • Athalie (1691)

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «Jean Racine». New World Encyclopedia. 4. april 2008. Henta 10. november 2015. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Truls Olav Winther (9. juni 2015). «Jean Racine». Store norske leksikon. Henta 10. november 2015. 
  3. «Jansenius and Jansenism». Catholic Encyclopedia. Henta 10. november 2015. 

Litteratur endre