Jean de Reszke, eigentleg Jan Mieczysław Reske, (fødd 14. januar 1850 i Warszawa, død 3. april 1925 i Nice), var ein polsk tenor og pianist som for det meste verka i Frankrike.

Jean de Reszke

Fødd14. januar 1850
FødestadWarszawa
Død3. april 1925 (75 år)
DødsstadNice
FødenamnJan Mieczysław Reszke
OpphavPolen, Frankrike, Det russiske imperiet
Aktiv1874–1925
Sjangeropera
Instrumentpiano, vokal
Stemmetypetenor, baryton
Verka somoperasongar, pianist
Gift medMarie de Reszke

Biografi

endre
 
Jean de Reszke som Romeo.

Reszke utdanna seg til songar i Italia og debuterte i 1874 i Venezia som Alfonso i Leonora. Etter det opptredde han i fleire år i Paris og London. Under fortsette songstudium endra han barytonrøysta si til ein glansfull tenor. Reszke var 1885-89 tilsett ved operaen i Paris. Sidan opptredde han i mange år som gjest både der, i London, og i St. Petersburg. I åra 1893-99 var han kvart år i New York og song på Metropolitan-operaen. Han vart hylla som si tids fremste operatenor, ein verkeleg songkunstnar.

I 1904 tok han avskil frå scena og verka sidan som songlærar i Paris. Mellom elevane hans var den norske tenoren Erling Krogh.

Fremste rolletolkingar

endre

Mellom hans roller kan nemnast Raoul i Hugenottene, Profeten, Vasco da Gama i Afrikanerinnen, Romeo, Faust, Cid, Radamés i Aida, Otello, Pajazzo i tillegg til wagnerrollene Tannhäuser, Lohengrin, Walther von Stolzing, Siegfried og Tristan

Kjelder

endre