Jeff Henderson
Jeff Henderson (fødd 19. februar 1989) er ein USA-amerikansk lengdehoppar som vart olympisk meister i øvinga i 2016.
Jeff Henderson | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 19. februar 1989 (35 år) North Little Rock |
Idrett | friidrett |
Tok del i | VM i friidrett innendørs 2010, VM i friidrett innendørs 2014, Panamerikanske leker 2015, Friidrett under Sommar-OL 2016 |
Henderson forbetra i 2014 sin personlege rekord til 8,43 meter. Året etter presterte han livsbeste då han hoppa 8,52 meter og vann lengde-øvinga ved panamerikaleikane i Toronto. Under Sommar-OL 2016 hoppa han årsbeste 8,38 meter og sikra seg gullmedaljen, ein centimeter lengre enn sørafrikanaren Luvo Manyonga. Også under verdsmeisterskapen i Doha i 2019 gjorde Henderson årsbeste i finalen, 8,39 meter heldt til sølvmedalje.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endre- VM 2015 i Beijing: Nr 9 – 7,95 m
- OL 2016 i Rio de Janeiro: Gullmedalje – 8,38 m, framom Luvo Manyonga (8,37 m)
- VM 2019 i Doha: Sølvmedalje – 8,39 m, bakom Tajay Gayle (8,69 m)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Jeff Henderson (athlete)» frå Wikipedia på engelsk, den 18. juni 2022.