Opna hovudmenyen

Jeff Jones er ein kanadisk bassgitarist. bassist og vokalist frå London i Ontario i Canada, mest kjent som originalmedlem av det progressive rockebandet Rush. Han starta bandet saman med Alex Lifeson og John Rutsey sommaren 1968. Dei spelte berre éin konsert saman, før Jones forlet bandet og vart erstatta av Geddy Lee i september 1968.

Jeff Jones
Fødd20. september 1953
FødestadLondon
OpphavLondon i Ontario i Canada
Aktiv1968 til i dag
InstrumentBassgitar, vokal
Tilknytte artistarOcean
Red Rider
Stingaree
Rush

Jones vart i 1970 medlem av gospel/rock-bandet Ocean, som hadde suksess med singelen «Put Your Hand in the Hand» i Canada og USA i 1971. Ocean vart oppløyst i 1975. På slutten av 1970-talet var han bassist og vokalist i Toronto-bandet Stingaree, der han spelte saman med Brian MacLeod og Bernie LaBarge på gitar og vokal, Doug «Skip» Layton på trommer og Larry Hamel (som seinare vart erstatta av Don Harriss) på piano og vokal. Stingaree vart oppløyst i 1978, seks månader etter at MacLeod forlet Stingaree for å bli med i bandet Cilliwack. Jones spelte bass på LaBarges hitlåt «Dream Away» i 1981.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra