Jefferson Airplane Takes Off er debutalbumet til det amerikanske rockebandet Jefferson Airplane, utgjeve på RCA Victor i august 1966. Bandet hadde ei noko anna besetning enn den seinare «klassiske» besetninga, og musikken er meir prega av folkrock enn den hardare psykedeliske stilen som bandet seinare vart kjende for. Signe Toly Anderson var den kvinnelege vokalisten, medan Skip Spence spelte trommer. Begge forlet gruppa kort tid etter at albumet kom ut og vart erstatta av høvesvis Grace Slick og Spencer Dryden.
Sjefane i RCA meinte at noko av teksten var for seksuelt ladd. Bandet måtte endra teksten i «Let Me In» frå «I gotta get in, you know where» til «You shut your door, now it ain't fair», og «Don't tell me you want money» til «Don't tell me it's so funny». På «Run Around» måtte dei endra slutten av linja «Blinded by colors come flashing from flowers that sway as you lay under me» til «...that sway as you stay here by me». Med «Runnin' 'Round This World» insisterte sjefane at «trips» i linja «The nights I've spent with you have been fantastic trips» refererte til å ta LSD, sjølv om bandet insisterte på at det var vanleg slang. Sjølv om dei erstatta ordet med ein gitararpeggio, var ikkje RCA nøgd med dei seksulle konnotasjonane og nekta å ta med songen på albumet. Innspelinga kom ikkje ut før etter åtte år.
Utgjeving og mottakingEndra
Albumet fekk lite merksemd i pressa då det kom, sidan vanlege aviser vanlegvis ikkje dekte rockeutgjevingar, og rockepressa enno var i startfasen. Crawdaddy! omtalte albumet på framsida av utgåva som kom i januar 1967, med ei tre sider lang melding i magasinet av redaktøren Tim Jurgens. Han meinte albumet hadde «manglar» men likevel var «det viktigaste albumet i amerikansk rock» i 1966.
|
1. | «Come Up the Years» | Balin, Kantner | 2:30 |
2. | «Run Around» | Balin, Kantner | 2:35 |
3. | «Let's Get Together» | Chester Powers | 3:32 |
4. | «Don't Slip Away» | Balin, Spence | 2:31 |
5. | «Chauffeur Blues» | Lester Melrose | 2:25 |
6. | «And I Like It» | Balin, Jorma Kaukonen | 3:16 |
|
12. | «Runnin' Round This World» (frå Early Flight) | Balin, Kantner | 2:25 |
13. | «High Flying Bird» (frå Early Flight) | Billy Edd Wheeler | 2:17 |
14. | «It's Alright» (frå Early Flight) | Balin, Spence | 2:17 |
15. | «Go to Her» (frå Jefferson Airplane Loves You) | Kantner, Irving Estes | 4:09 |
16. | «Let Me In» (frå Jefferson Airplane Loves You) | Balin, Kantner | 3:31 |
17. | «Run Around» (usensurert versjon) | Balin, Kantner | 2:35 |
18. | «Chauffeur Blues» (alternativ versjon) | Melrose | 2:49 |
19. | «And I Like It» (alternativ versjon) | Balin, Kaukonen | 8:16 |
20. | «Blues from an Airplane» (instrumental; gøymd spor) | Balin, Spence | 2:10 |
- ↑ «Tobacco Road» er tilskriven Clay Warnick på plateomslaget, men vart skriven av John D. Loudermilk
MedverkandeEndra
- Tommy Oliver – produsent
- Matthew Katz – manager, produsent
- Dave Hassinger – lydteknikar