Jeffrey Epstein

Amerikansk finansmann og dømd seksualforbytar

Jeffrey Edward Epstein (fødd 20. januar 1953 Brooklyn i New York, død 10. august 2019) var ein amerikansk finansmann og dømd seksualforbytar.[1][2] Epstein starta sin karriere som lærar, men byrja å arbeide som investor i handelsbanken Bear Sterns før han seinare grunnla sitt eige firma. Han skapte seg i løpet av livet ein sosial omgangskrins beståande av høgtståande menneskjer og anskaffa mange kvinner, inkludert mindreårige jenter, til å bli utsett for seksuelt misbruk av Epstein og nokre av hans kjenningar.[3][4][5]

Jeffrey Epstein
Epstein 2013 mugshot.jpg
Fødd 20. januar 1953
Brooklyn
Død

10. august 2019 (66 år)
Metropolitan Correctional Center, New York City

Yrke forretningsdrivande, lærar
Jeffrey Epstein på Commons

I 2008 blei Epstein dømd for å ha kjøpt seksuelle tenester av ei 14 år gammal jente. Han erkjente seg skuldig og blei dømd til 13 månader i fengsel, men med omfattande fridom til å ta arbeid. Straffa blei forhandla fram med føderale anklagemyndigheiter, som hadde identifisert 36 offer. Tiltaleavtalen blei signert av Alexander Acosta, dåverande U.S. attourney for Southern District of Florida. Avtalen inneheldt òg immunitet mot alle føderale skuldingar om kriminalitet mot Epstein.[6]

Epstein vart igjen arrestert 6. juli 2019 på bakgrunn av ein føderal tiltale om sexhandel med mindreårige i Florida og New York.[7] Han blei funnen død i cella si i det føderale arresthuset Metropolitan Correctional Center i New York den 10. august 2019. Dødsfallet blei erklært som sjølvmord, men det er stor usemje om omstenda rundt dette.[8] Då dødsfallet utelukka høvet til å for å forfølgje strafferettslige anklager, avviste ein dommar alle straffesaker den 29. august 2019.[9] Epstein hadde eit årelangt forhold med Ghislane Maxwell, som har fått vedvarande skuldingar om å ha drive med menneskehandel på vegne av Epstein, noko som førte til hennar arrestasjon i juli 2020.[10] Epstein hadde òg eit nært forhold med Prins Andrew, Hertugen av York.[11]

ReferansarEndra

  1. «Jeffrey Epstein Charged In Manhattan Federal Court With Sex Trafficking Of Minors», www.justice.gov (på engelsk), 8. juli 2019, henta 27. oktober 2020 
  2. «Jeffrey Epstein: the rise and fall of teacher turned tycoon», the Guardian (på engelsk), 4. januar 2015, henta 27. oktober 2020 
  3. Lewis, Paul (4. januar 2015). «Jeffrey Epstein: the rise and fall of teacher turned tycoon». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. 
  4. Nally, Leland, «An Actual Conspiracy Kept Jeffrey Epstein's Accomplices out of Prison», Mother Jones (på engelsk), henta 27. oktober 2020 
  5. Editors, The (22. juli 2019), «The High Society That Surrounded Jeffrey Epstein», Intelligencer (på engelsk), henta 27. oktober 2020 
  6. «Jeffrey Epstein – the billionaire paedophile at the centre of the Prince Andrew sex claim», The Independent (på engelsk), 2. januar 2015, henta 27. oktober 2020 
  7. «Jeffrey Epstein arrested for sex trafficking of minors in Florida and New York», Washington Examiner (på engelsk), 7. juli 2019, henta 27. oktober 2020 
  8. DeCambre, Mark, «Expert, on Jeffrey Epstein’s death: ‘I’ve not seen in 50 years where that occurred in a suicidal hanging case’», MarketWatch (på engelsk), henta 27. oktober 2020 
  9. Pierson, Brendan (30. august 2019). «Case against Jeffrey Epstein dismissed following his death». Reuters (på engelsk). 
  10. «Jeffrey Epstein Confidante Ghislaine Maxwell Arrested on Sex Abuse Charges», NBC New York (på engelsk), henta 27. oktober 2020 
  11. «Why Prince Andrew will now 'never return' to public duties», NZ Herald (på engelsk), henta 27. oktober 2020