Jegerprøva

(Omdirigert frå Jegerprøven)

Jegerprøva er ei prøve som alle som skal jaktevilt i Noreg må ha bestått før dei kan starte å jakte. Jegerprøva består av ei teoretisk prøve og eit praktisk kurs. Den teoretiske prøva er i form av fleirvalsoppgåver, og består av 50 spørsmål der 40 må vere korrekt for å bestå prøva. Aldersgrensa for å kunne ta jegerprøva er 14 år.

Bakgrunnen for oppretting av prøva er at dei som jaktar vilt i Noreg skal ha ein basis av kunne før dei startar jakt, og for å skape ei sunn haldning blant jegerane.

Jegerprøva tek for seg tema som; jakt og vilt, jegeransvar, viltkjennskap, jaktvåpen, fangstmetodar, jakthundar o.l.

Bakgrunnsstoff

endre

Norges jeger- og fiskeforbund