Opna hovudmenyen

Jekaterina Viktorovna Jurlova (fødd 23. februar 1985) er ein russisk skiskyttar, fødd i Leningrad, som vann VM-gull på 15 km i 2015.

Jekaterina Jurlova

Ekaterina Jurlova 09-2011.jpg

Statsborgarskap Russland
Fødd 23. februar 1985
St. Petersburg
Idrett skiskyting
Yrke skiskyttar

Jurlova vart nummer seks i 7,5 km sprint og kom sjuandeplass i 15 km normalprogram under VM i skiskyting 2011 i Khanty-Mansijsk. Under VM i skiskyting 2015 i Kontiolahti vart ho verdsmeister på 15 km etter prikkfri skyting, vel 23 sekundar føre Gabriela Soukalová frå Tsjekkia. Det var Jurlovas aller fyrste pallplass i verdscupen i skiskyting. I januar 2016 vart ho nummer tre på sprinten under verdscuprenna i italienske Antholz, dagen etter vann ho jaktstarten.

KjelderEndra