Jekaterina Volkova

Jekaterina Gennadjevna Volkova (fødd 16. februar 1978) er ein russisk tidlegare friidrettsutøver frå Zjeleznogorsk i Kursk oblast som tevla i hinderløp. Ho vart verdsmeister på 3000 m hinder i Osaka i 2007.

Jekaterina Volkova


Statsborgarskap Sovjetunionen, Russland
Fødd 16. februar 1978 (46 år)
Kursk
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008

Aktiv endre

Volkova deltok i sitt fyrste internasjonale meisterskap i Helsingfors i 2005. Under verdsmeisterskapen i den finske hovudstaden tok ho sølvmedaljen på 3000 meter hinder, med ny personleg rekord på 9.20,49, litt over to sekundar bak vinnaren, Dorcus Inzkiuru frå Uganda.

I 2007 forbetra sin personbeste til 9.13,3 då ho vart russisk meister på 3000 m hinder. Etter eit framifrå hinderløp under friidretts-VM 2007 i Osaka, spurta ho inn til siger på 9.06,57. Året etter kjempa ho ein drabeleg, men forgjeves strid om sølvmedaljen i hinderløpet under Sommar-OL 2008 i Beijing. Kenyas Eunice Jepkorir fekk 9.07,41, Volkova 9.07,64. Gulnara Galkina vart olympisk meister på verdsrekordtida 8.58,81.

Kjelder endre