Jeløy kyrkje

kyrkje i Moss i Østfold

Jeløy kyrkje i Moss kommune vart vigsla den 27. april 1975. Det er ei arbeidskyrkje der sjølve kyrkja er naustforma. Kyrkjesalen kan koplast saman med forsamlingsrommet for kyrkjelyden. Til saman har kyrkja 615 sitjeplassar.[1]

Jeløy kyrkje
kyrkje
Jeløy kyrkje
Foto: Lars Røed Hansen
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Borg
Prosti Vestre Borgesyssel
Sokn Jeløy
Fellesråd Moss
Stad Jeløy i Moss
Arkitekt Eva og Bernt Mejlænder
Innvigd 27. april 1975
Kyrkjegard Ved Jeløy kapell, 1,4 km unna
Altartavle Glasmåleri av Victor Sparre
Sitjeplassar 615
Kart
Jeløy kyrkje
59°26′11″N 10°38′14″E / 59.43640194°N 10.637255°E / 59.43640194; 10.637255
Wikimedia Commons: Jeløy kirke
Victor Sparres monumentale glasmåleri på sørveggen kallast «Livets tre» og syner ein dominerande Kristus-figur. Arbeidet er frå 1975 og vert rekna mellom hovudverka til kunstnaren.
Foto: Lars Røed Hansen

Altartavla er eit glasmåleri av Victor Sparre som dekker heile fondveggen og illustrerer livsens tre og Jesu lidingsveg. Eit sidealtar er laga av Tor Lindrupsen. Orgelet vart bygd av Brødrene Torkildsen (1977, utvida 1982).

Det har vore akustikkproblem og lekkasjeproblem ved kyrkja, og ho har vorte påtent tre gonger.

Kyrkjegarden for Jeløy er ved Jeløy kapell, om lag halvannan kilometer lenger nord.

Fotnotar endre

  1. Rasmussen (1993), s. 668

Bakgrunnsstoff endre

  • Jeløy kirke 25 år. Moss: Jeløy menighetsråd. 2000. 
  • Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 668. ISBN 82-75-27022-7. 
  • «Jeløy kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja. 
  • Jeløy kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren