Vestre Borgesyssel prosti
Vestre Borgesyssel prosti er eit tenestedistrikt i Borg bispedømme i Den norske kyrkja. Det femner kommunane Hobøl, Moss, Rygge, Råde, Skiptvet, Spydeberg og Våler i Østfold fylke. Prosten har sete i Moss.
HistorieEndra
Prostiet vart oppretta i 1816. Då vart prestegjelda Moss, Onsøy, Rygge, Råde, Tune og Våler skilt ut frå Nedre Borgesyssel prosti.[1]
SoknEndra
Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn.
Det er 13 sokn i prostiet (2014).
Sokn | Kyrkje(r) | Kyrkjeleg fellesråd |
---|---|---|
Ekholt sokn | Ekholt kyrkje | Rygge |
Heli sokn | Heli kyrkje | Spydeberg |
Hovin sokn i Borgesyssel | Hovin kyrkje i Borgesyssel | Spydeberg |
Hobøl sokn | Hobøl kyrkje | Hobøl |
Jeløy sokn | Jeløy kyrkje | Moss |
Moss sokn | Moss kyrkje | Moss |
Rygge sokn | Rygge kyrkje Larkollen kyrkje |
Rygge |
Råde sokn | Råde kyrkje Tomb kyrkje |
Råde |
Skiptvet sokn | Skiptvet kyrkje | Skiptvet |
Spydeberg sokn | Spydeberg kyrkje | Spydeberg |
Svinndal sokn | Svinndal kyrkje | Våler |
Tomter sokn | Tomter kyrkje | Hobøl |
Våler sokn i Borg | Våler kyrkje i Borg | Våler |
PrestegjeldEndra
Tidlegare var prestetenesta organisert gjennom prestegjeld. Ordninga vart fasa ut frå 2004. Før utfasinga hadde Vestre Borgesyssel prosti desse prestegjelda:
ReferansarEndra
- ↑ ««Vestre Borgesyssel prosti»». Arkivverket : Statsarkivet i Oslo, arkivportalen.no. Henta 11. mars 2014.